Sultanhøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sultanhøne

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Haryana, IndiaFoto: J.M.Garg
Bilete frå Haryana, India
Foto: J.M.Garg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Porphyrio
Art: P. porphyrio
Vitskapleg namn
Porphyrio porphyrio

Sultanhøne (Porphyrio porphyrio) er ein vassfugl i riksefamilien. Denne nær hønsestore fuglen, med store føter, ei fjørdrakt i iriserande farger, raudt nebb og pannebles er lett kjenneleg i utbreiingsområdet sitt. Sultanhøna lever i tropiske og subtropiske delar av Eurasia, Afrika og Australia. Det er lokale populasjonar i nordvestre Afrika og Sør-Europa og i Midtausten og den kaspiske regionen. India, Indonesia, Filippinene og aust til Ny-Guinea har òg rikeleg bestand, så vel som New Zealand og mange øyar i Stillehavet. Vidare er arten funnen i Afrika sør for Sahara og på Madagaskar i Det indiske havet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sultanhøner har samla sett raudt nebb med raudt pannebles, ei sterkt glansfull fjørdrakt i djupt blålege farger med tonar av lilla og grønt, somme underartar viser variantar av svart eller brunt på overside og hovud, andre kan ha bleikgrå fargetone på hovud og litt ned på halsen. Juvenile fuglar er bleikare. Undergumpem er kvit. Kroppslengda kan ligge i området 45-51 centimeter. Underarten på New Zealand veg i gjennomsnitt 1050 gram for hannar, hofuglar er mindre, ca. 850 gram.[1]

Europeiske sultanhøner har mørk lillablå farge, med stort, raudt glansfullt pannebles og kraftig nebb. Pannebleset er sterkt raudfarga året rundt, nebbet kan bli bleikare om vinteren. Afrikanske og sørasiatiske fuglar har grønt på oversida, og australasiatiske og indonesiske fuglar har svart rygg og hovud.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Trass i at sultanhøner er klønete i flukt kan dei flyge over lange avstandar, og dei er òg gode symjarar, spesielt til å vere ein fugleart utan symjeføter.

Arten er særs vokal og høglydt, med eit vidt repertoar av læte. Eit vanleg læte er gjentatte seriar av nasale, langtrekte, tutande tonar i svaiande styrke. Andre lydar er meir mekaniske trillelydar, og smattande «tjukk» som kontaktlyd.[2]

Sultanhøner er generelt sesonghekkarar, men sesongen varierer på tvers av det store utbreiingsområdet, mange stader tilpassa nedbørssesongen, eller hekking føregår sommarstid i meir tempererte strøk.[3] Sultanhøne hekkar i sumpmarker og i små sjøar med takrøyr eller anna låg vegetasjon.[2] Hannen har ei forseggjort oppvising ved kurtisen, han held vassplantar i nebbet og bukkar til hoa med høg klukking.[4] I dei vestlege delane av utbreiingsområdet har dei ein tendens til å vere monogame i sosial åtferd, men samarbeidande hekkegrupper er meir vanlege i dei austlege delar av området. Desse gruppene kan bestå av fleire hoer og hannar som deler eit reir eller eit par med hjelparar frå tidlegare ungekull.[3]

Para hekkar på ei stor pute, matte eller plattform av samanvoven siv, eller anna flytande vegetasjon litt over vasstanden i sumpar, ofte ute i vatnet. Fleire hoer kan dele på eit reir og dele på rugeplikter. Kvar fugl kan leggje 3-6 flekte egg, bleikt gulaktige til raudleg eller gulbrun, med raudbrune flekker. Eit felles reir kan innehalde 10-15 egg.[1] Rugetida er 23-27 dagar, og blir utført av begge kjønn og dessutan av eventuelle hjelparar som kan vere til stades. Dei langt utvikla ungane har dunaktige, svarte fjører og i stand til å forlate reiret like etter klekking, men vil ofte vere i reiret i nokre dagar. Foreldra eller gruppemedlemmer kan mate ungane dei første 10-14 dagane, etter det vil ungane sjølv finne føda.[3]

Sultanhøne føretrekker habitat i fuktige område med mykje nedbør, sumpar, innsjøbredder og fuktige beitemarker. Fuglane lever ofte i par og i større grupper. Dei klatrar gjennom sivet, beitar på planteskot og anna vegetabilsk føde. Dei er kjente for å ete egg, små fuglar, småfisk og virvellause dyr som sniglar. Dei vil ofte bruke ein fot for å løfte maten opp til munnen i staden for bøye seg ned til bakken. Om dei ikkje blir forfølgte kan dei bli tamme og synlege i byar og tettstader.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

IUCN vurderer status for arten som livskraftig. Medan arten som heilskap ikkje er truga, har nokre underartar hatt tilbakegang. På New Zealand og i Australia har dei utvida området sitt på grunn av etablering av nye kunstige innsjøar og dammar, men nominatforma ved Middelhavet har gått tilbake på grunn av habitattap, jakt og bruk av plantevernmiddel, og krev strenge vernetiltak. I Portugal gjekk arten sterkt tilbake på 1800-talet og 1900-talet, men har auka igjen nyleg takka vere vern og tiltak med reintroduksjon, sjølv om arten framleis er sjeldan og har ei fragmentert utbreiing.[5] I Afrika varierer arten frå å vere vanleg til å vere uvanleg. Underartan pelewensis, endemisk til Palau, har òg vore ansett som truga,[3] sjølv om ei undersøking i 2005 fann at han i alle fall enno er vanleg.[6]

Sultanhøne har tidvis komme ut i naturen frå fangenskap i Storbritannia og andre stader. Dei vart innførte til Nord-Amerika på slutten av 1990-talet etter rømming frå fangenskap i Florida. Det ble gjort freistnader på å utrydde desse rømlingane, men dei har formeira seg og kan no treffast i mange område i det sørlege Florida. Ornitologiske autoritetar reknar det som sannsynleg at sultanhøne no blir ein etablert del av Florida sin avifauna.[7] Desse Florida-fuglane er stort sett eller utelukkande av den gråhovuda underarten poliocephalus, frå området rundt Det kaspiske havet.

Underartar og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sultanhøner lever svært spreidd i mange fragmentert leveområde. På øyane der nært nærskylde artar er utdøydde eller har hatt nedgang på grunn av menneskelege inngrep, som for New Zealand eller Ny-Caledonia, har denne arten etablerte seg relativt nyleg.[8]

Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 listar 13 underartar av sultanhøne.[9] Underartane har hovudsakleg avvik i fjørdraktfarge, men òg i storleik. Underartene er:

  • P. p. porphyrio (Linné, 1758) Middelhavet
Nominatforma, lever på sørlege delen av Den iberiske halvøya, over Gibraltarstredet til Nord-Afrika og i oppstykka område austover til Tunisia. Dessutan på Mallorca og Sardinia.
  • P. p. madagascariensis (Latham, 1801) Afrika
Den afrikanske forma lever i Egypt, Afrika sør for Sahara og på Madagaskar. Ho liknar nominatforma, men med meir grøntone på ryggen og skuldrer.
  • P. p. caspius (Hartart, 1917) området rundt Kaspihavet og ein avgrensa bestand i sørlege Tyrkia, liknar poliocephalus med lysare gråtona hovud, men er større.
  • P. p. seistanicus (Zarudny & Harms, 1911) lever frå Irak austover til Pakistan, som poliocephalus, men større, og mindre enn caspius.
  • P. p. indicus (Horsfield, 1821) i Indonesia frå Sumatra til Sulawesi og Bali, dei har eit stort skjold, svart overside, og sidene av hovudet er gråsvarte.
  • P. p. virdis (Begbie, 1834) finst i Søraust-Asia, og liknar indicus, men sidene av hovudet er djupblåe.
  • P. p. pulverulentus (Temminck, 1826)Filippinene, har olivenkastanje skuldrer, og heile fjørdrakta har oskegrå fargetone.
  • P. p. pelewensis (Hartlaub & Finsch, 1872) endemisk til Palau, liknar melanotus, men har grønare overside og er mindre.
  • P. p. bellus (Gould, 1820) frå Vest-Australia er lik melanotus, men har ein djupblå hals og bryst.
  • P. p. melanotus (Temminck, 1820) finst i nordlege og austre Australia, på New Zealand og dei omkringliggande øyane som Kermadecøyane og Chathamøyane. Han har eit mindre pannebles, kortare tær, svart overside, og lilla hals og bryst.
  • P. p. samoensis (Peale, 1848) lever på øyar frå Ny-Guinea til Ny-Caledonia og Samoa, og er lik melanotus, men mindre, med eit brunskjer på oversida bak.

Nokre autoritetar skil ut somme underartar som fullverdige artar, til dømes har Sinclair et al P. p. madagascariensis som afrikansk 'Purple Swamphen' P. madagascariensis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 P.B. Taylor (1996). «Family Rallidae (Rails, Gallinules and Coots)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J.. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. ss. 197. ISBN 84-87334-20-2. 
  4. Ali, Salim; JC Daniel (1983). The book of Indian Birds, Twelfth Centenary edition. Bombay Natural History Society/Oxford University Press. 
  5. Pacheco, Carlos; Peter K. McGregor (2004). «Conservation of the purple gallinule (Porphyrio porphyrio L.) in Portugal: causes of decline, recovery and expansion». Biological Conservation 119 (1): 15–120. doi:10.1016/j.biocon.2003.11.001. 
  6. Vanderwerf, Eric; Wiles, Gary; Marshall, Ann & Melia Knetch (2006). «Observations of migrants and other birds in Palau, April–May 2005, including the first Micronesian record of a Richard’s Pipit». Micronesica 39 (1): 11–29. ISSN 0026-279X. 
  7. Pranty, Bill, Kim Schnitzius, Kevin Schnitzius, and Helen W. Lovell. 2000. Discovery, distribution, and origin of the Purple Swamphen (Porphyrio porphyrio) in Florida.' Florida Field Naturalist 28: 1–11.
  8. Steadman D, (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  9. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 28. april 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sultanhøne