Sumphaukeskjegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sumphaukeskjegg


Sumpf-Pippau.JPG

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Crepis Haukeskjegg
Art: C. paludosa
Vitskapleg namn
Crepis paludosa

Sumphaukeskjegg er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 5 dm høg med store tynne snaue blad som ved grunnen går kring stengelen. Tre cm breie korger i halvskjerm. Korgdekkblada har svarte kjertelhår. Blømer kring juli månad på fuktige stader i skog og ved bekker, og på næringsrike myrar. Vanleg over det meste av Noreg, sjeldan i nord. Funnen opp til 1200 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Tysk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.