Sumy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sumy
ukrainsk Суми, russisk Сумы
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Sumy oblast
Rajon Sumy kommune
Koordinatar 50°55′N 34°45′E / 50.917°N 34.750°E / 50.917; 34.750
Areal 145 km²
Folketal 283 700  (2004)
Folketettleik 1 957 / km²
Grunnlagd 1652 eller 1653
Borgarmeister Gennady M. Minaev
Tidssone CET (UTC+2)
 - Sommartid CEST (UTC+3)
Postnummer 40000-40030
Retningsnummer +380 542
Kart
Sumy
50°54′24″N 34°47′57″E / 50.906666666667°N 34.799166666667°E / 50.906666666667; 34.799166666667
Wikimedia Commons: Sumy

Sumy (ukrainsk Суми, russisk Сумы) er ein by ved elva Psel i Ukraina og administrasjonssenter i Sumy oblast. Byen har kring 280 000 innbyggjarar (2004).

Sumy lufthamn ligg ved byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sumy vart grunnlagd i 1652 ved breidda av Psel, ei sideelv til Dnepr, som ei kosakkisk festning. Ho var meint å verne Sloboda Ukraina frå krimtatariske åtak. Etter at åtaka deira stoppa opp og området vart ein del av Det russiske imperiet, utvikla Sumy seg til eit viktig økonomisk senter. I løpet av den tyske okkupasjonen av Ukraina under andre verdskrigen (1941 – 1943), vart Sumy hard råka. Då kriven var over vart dei øydelagde delane av byen bygd opp att.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Historiske folketal
År Folketal ±%
1850 11 500
1897 27 564 +139.7%
1913 50 400 +82.8%
1926 44 000 −12.7%
1939 69 000 +56.8%
1959 98 000 +42.0%
1970 159 000 +62.2%
1979 231 558 +45.6%
1989 293 706 +26.8%
2001 295 847 +0.7%
  • 1897 - 70,53 % ukrainarar, 24,1 % russarar, 2,6 % jødar, 2,6 7% andre
  • 1926 - 80,7 % ukrainarar, 11,8 % russarar, 5,5 % jødar, 2 % andre
  • 1959 - 79 % ukrainarar, 20 % russarar, 1 % andre

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sumy har eit moderat kontinentalklima: kalde og snørike vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen er ikkje altfor låg om vinteren og heller ikkje altfor varm om sommaren med -6,9 °С i januar og 20,3 °С i juli. Årsnedbøren er 513 mm, og mest nedbør kjem i juni og juli. 7

Vêrdata for Sumy
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −2,8 −2 3,7 14 20,7 24,6 25,9 25,2 19,4 11,7 3,6 −0,8 11,9
Gjennomsnittleg min °C −8,5 −8,1 −2,9 4,7 9,9 13,8 15 14,1 9,1 3,7 −1,8 −5,8 3,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 44 32 27 36 47 58 60 50 41 35 44 45 519
Kjelde: Погода и климат - климат Суми [1]


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sumy