Sun Yat-sen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sun Yat-sen
Sun Yat Sen portrait.jpg
Provisorisk president av Kina
Regjeringstid 1. januar 1912– 1. april 1912
Fødd 12. november 1866
Død 12. mars 1925

Sun Yat-sen (12. november 186612. mars 1925) var ein kinesisk revolusjonær og politikar som spelte ei viktig rolle under styrtinga av Qing-dynastiet og grunnlegginga av Republikken Kina. Han var den første provisoriske presidenten for republikken, og i vidareføringa Taiwan har han hatt stor innverknad og er kjend som «Landsfaderen». I Folkerepublikken Kina er han kjend som ein forløpar til revolusjonen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Etter vanleg kinesisk namneskikk hadde mannen ein i Vesten kjenner som Sun Yat-sen, fleire namn. Det offisielle namnet han fekk som liten, var Sūn Démíng (孫德明). Kallenamnet hans som liten var Sūn Dìxiàng (孫帝象), medan barnenamnet då han var litt eldre, Sūn Wén (孫文). Dette namnet er velkjent blant kinesarar som det «opphavlege» namnet hans. Som student i Hong Kong tok han namna Sūn Rìxīn (孫日新) og seinare Sūn Yìxiān (孫逸仙). På lokal kantonesisk blir begge namna uttalt Sun Yat-sen, og gjennom vestleg kontakt blei han kjend under dette namnet i Vesten.

Då han var inkognito i Japan i 1897, gav ein ven han det japanske familienamnet Nakayama medan han sjølv valde personnamnet Shō (中山樵). Nakayama blei sidan sinifisert til Zhongshan/Chung-shan i Republikken Kina, og det er som Sun Chung-shan eller Sun Zhongshan (孫中山) at han ofte er kjend blant kinesarar.

Sun Yat-sen er også kjend under tittelen Xīanshēng (先生), 'doktor', fordi han var lege, og fekk ærestittelen Gúofù (國父), 'landsfader', av Kuomintang i 1940.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lu Muzhen, første kona til Sun Yat-sen.

Sun Yat-sen var den femte av seks barn i ein bondefamilie av hakkaætt. Faren heitte Sun Dacheng og mora Yang. Han blei fødd i Cuiheng, ein landsby 26 km nord for Macao i Xiangshan (seinare Zhongshan) i Guangdong. Ein eldre bror, Sun Mei, og morbroren deira hadde slått seg ned på Hawaii, og som trettenåring følgde Sun Yat-sen broren til Honolulu for å studera, først ved den anglikanske Iolani-skolen og seinare eitt semester ved Oahu College. Frå å ikkje kunna engelsk lærte han språket så raskt at han fekk ein pris av kong Kalākaua.

I 1883 blei Sun Yat-sen send tilbake til Kina av broren, som var redd han var i ferd med å bli kristen, noko han også blei etter kvart. Heime i Cuiheng skal han ha fått landsbyen imot seg ved å brekka handa av ein statue av Nordkeisaren (Beiji/Beidi) i protest mot gammal kinesiske tru og ritual. Sun Yat-sen drog til Hong Kong der han byrja ved Central School i april 1884. Her tok han imot dåpen av ein amerikansk misjonær. Han studerte også vestleg medisin under den skotske misjonæren John Glasgow Kerr, og blei ein av dei første til å få legelisens ved Hong Kong College of Medicine for Chinese.

Tjue år gammal gifta han seg arrangert med Lu Muzhen frå heimlandsbyen. Dei fekk ein son, den seinare embetsmannen Sun Fo, og to døtrer, Sun Yan og Sun Wan. I 1915 gifta Sun seg også med Soong Ching-ling.

Wuchang-leiarenLi Yuanhong og Sun yat-sen i 1912.

Revolusjonær[endre | endre wikiteksten]

I Hong Kong stifta Sun Yat-sen eit hemmeleg selskap som hadde som mål å styrta mandsjudynastiet. Etter at planar om eit statskupp mislukkast, måtte Sun forlata landet i 1895. Han reiste i Europa, Nord-Amerika og i Japan, der han prøvde spreia ideane sine og støtte opprør i Kina. I 1905 stifta han partiet Tongmenghui, forløparen for Kuomintang.

Opprøret i Wuchang i 1911, som markerte byrjinga på slutten til Qing-dynastiet, var inspirert av tankane til Sun Yat-sen, sjølv om han ikkje var direkte innblanda. Sun var i USA då han fekk høyra om opprøret, men reiste straks tilbake til Kina, der han blei vald til president for ei provisorisk republikansk regjering. Han sende så telegram til alle dei kinesiske provinsane og bad dei velja sendebod til ei nasjonalforsamling. For å få støtten til general Yuan Shikai, leiaren for Beiyang-hæren i Nord-Kina, lova Sun Yat-sen han presidentstillinga. Yuan hjelpte til med å styrta Qing-keisaren, men opptrådde sjølv diktatorisk og erklærte etter kvart seg sjølv som keisar. I 1913 leidde Sun Yat-sen eit opprør mot Yuan, men måtte flykta til Japan då dette mislukkast.

Sun ved Militærakademiet i Whampoa med Chiang Kai-shek ståande bak seg.

I 1917 vende Sun tilbake til Kina då landet var utan sentral leiing. Han var leiar for Kuomintang, som han hadde omorganisert, frå 1919 til 1925. Sun Yat-sen skipa ei militærregjering i Guangzhou (Canton) og grunnla Militærakademiet i Whampoa for å få fram ei militær gjenforeining av Kina. Han fekk lite støtte frå Vesten, og vende seg i staden til Sovjetunionen som han slutta ein avtale med i 1923. Det kinesiske kommunistpartiet kom med i Kuomintang, og Kina fekk støtte frå Komintern.

Sun Yat-sen døydde av leverkreft 12. mars 1925 i Beijing. Etter at han døydde, kjempa hans gamle forbundsfelle Wang Jingwei og den yngre Chiang Kai-shek, utdanna ved militærakademiet grunnlagt av Sun, om å vera arvtakaren hans i Kuomintang.

I ettertida har Sun Yat-sen blitt dyrka som ein landsfader i Republikken Kina (Taiwan), der han er avbilda ved offentlege bygningar og på myntar og setlar. I Folkerepublikken Kina (Fastlands-Kina) er han kjend som «Forløpar for revolusjonen», og har gater, parkar, skular og andre område kalla opp etter seg. Byprefekturet Xiangshan, som omfatta landsbyen han kom frå, endra namnet sitt til Zhongshan etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sun Yat-sen