Sunnfjord sorenskriveri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnfjord sorenskriveri var eit av fire sorenskrivarembete i Sogn og Fjordane fylke. Embetet vart oppretta i 1625 og bestod då av skipreida Askvoll, Ytre Dale, Indre Dale, Førde, Jølster og Brandsø.

Ved kongeleg resolusjon av 9. juni 1821 vart Svanø birkedommerembete (oppretta 1685) ein del av sorenskriveriet. Ved kongelig resolusjon av 20. november 1869 vart Bremanger prestegjeld skilt ut frå Brandsø tinglag for å utgjere eit eiget, Bremanger tinglag.

Ved kongeleg resolusjon av 2. september 1899, med verknad frå 1. januar 1901, vart Førde tinglag delt i to; Førde og Naustdal.

Ved kongeleg resolusjon av 22. juni 1922 vart handelsregisterforretningane i ladestaden Florø frå 1. juli same år lagt til Sunnfjord sorenskriveri.

I 2002 skifta embetet namn til Sunnfjord tingrett. Frå 1. januar 2005 vart Sunnfjord tingrett slått saman med Nordfjord sorenskriveri og dei vestre kommunane i Ytre Sogn sorenskriveri til Fjordane tingrett.

Sorenskrivaren i Sunnfjord haldt til i Førde frå 1852, men hadde òg sete der i perioden 1727-1745. Han har og hatt tilhald på Fure, Dale og i Åfjorden.

Sorenskrivarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1625: Peder Jørgensen
  • 1636-1649: Laurits Michelsen
  • 1649-1651: Peder Lauritsen Horsens
  • 1651-1656: Jørgen Poss
  • 1656-1669: Hans Clausen
  • 1670-1708: Christian Hansen Rue
  • 1708-1727: Hans Schwartskopf
  • 1727-1745: Ouden Widerø
  • 1745-1762: Jacob Mathiasen Ravn
  • 1762-1793: Hans Arentz
  • 1793-1798: Andreas Rogert
  • 1798-1803: Iver Christian Aarøe
  • 1803-1805: Ludvig Rennord
  • 1807-1808: Eiler Hagerup Schiøtz
  • 1808-1852: Nils Landmark
  • 1852-1879: Christen Chr.sen Elster
  • 1880-1899: Fredrik Martin B. Steen
  • 1900-1903: Christian Fredrik B. Steen
  • 1903-1918: Ernst Georg Wolff Moss
  • 1918-1920: Kristen Simonsen
  • 1920-1930: Tarald Andreas Lundevall
  • 1930-1936: Øyvind Johan N. Myrdahl
  • 1936-1945: Fridtjof Krogh
  • 1946-1968: Einar Magnus Stavang
  • 1968-1980: Torjus A. Lundevall
  • 1980-2007: Bjarte Eikeset
  • 2007-: Terje Mowatt

Arkivet[endre | endre wikiteksten]

Arkivet til Sunnfjord sorenskriveri er avlevert til Statsarkivet i Bergen, og strekker seg frå 1663 og fram til ca. 1980. I arkivet kan ein mellom anna finne materiale vedrørande tinglysing, skifte, rettargang, firma- og handelsregistrering og auksjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arkivkatalog, Sunnfjord sorenskriveri, Statsarkivet i Bergen
  • Næss, Hans Eyvind Næss (red.). For rett og rettferdighet i 400 år - sorenskriverne i Norge 1591-1991. 1991. Stavanger.