Sunnmørsbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunnmørsåttringen til Sunnmøre Museum under segl juni 2005

Sunnmørsbåt er fellesnemning for den gamle bruksbåten på Sunnmøre og delar av Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl.

Dei er særleg kjenneteikna av skroget, som er bygd som snedbetning, og det asymmetriske råseglet.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Naust på Hareid, med side av gamal sunnmørsåttring til vegg
Sunnmørsjekta "Anna Olava"

Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – naust, løer og andre uthus. Båtmateriala har vorte brukte på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdelar syner lita endring i byggemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte brukte til å bygge oppatt båtar. Saxe Bjørkedal har rekonstruert både fjørefar, åttring og jekt på dette viset. Av originale storbåtar finst det berre ein åttring. Han står no på Sunnmøre museum. To åttringar har i ettertid vorte bygde med utgangspunkt i oppmålingar av gamle båtbord på naustvegg. Av dei mindre båtane finst det fleire gode eksemplar.

Fjørefar teikna av Hans Strøm

Ei viktig kjelde til kunnskap om den gamle sunnmørsbåten er Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1-2 Part.. Sorøe 1762-66. Her er både illustrasjonar og mange opplysningar. Ei av teikningane er grunnlag for byvåpenet til Ålesund.

Storleikar[endre | endre wikiteksten]

Byvåpenet til Ålesund

Med utgangspunkt i Hans Strøm sine skrifter, og med framleis eksisterande båtar, kan vi sette opp denne oversikta av ulike storleikar på sunnmørsbåtane. Ein del båtar passar ikkje inn i dette skjemaet. Brukaren tinga sin båt som han ville ha han, og båtbyggaren bygde han.

Færing Den vanlegaste bruksbåten til heimefiske og ærend mellom bygdelag. To rom, framrom og bakrom) og to røde (årepar). Ein til to mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Kjempefæring Stor færing med to rom og tre røde. Fremste keipeparet i den store framskuten. Tre til fire mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Trerøring Brukt til fiske og til reiser for fleire personar. Mykje brukt til kyrkjebåt. Tre rom og tre røde. Tre til fire mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Firrøring Fiskebåt som og vart brukt utanskjers. Tre rom og fire røde. Tre til fem mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Seksring Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Fem mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Fjørefar Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Seks mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl. Omtale og illustrasjonar hjå Hans Strøm. Det kan tyde på at dette var vanlegaste storbåten på 1700-talet

Åttring Største havfiskebåten. Fem rom og fem røde. Sju til åtte mann. Snedbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl. Vanlegaste storbåten, saman med seksring på 1800-talet.

Sambøring Den minste føringsbåten. Tre rom, eit av dei svært stort, til plassering av gods. Tre røde. Byggemåte og seglføring ukjend. Om lag same storleik som åttringen.

Tendring Den nest største av sunnmørsbåtane. Fraktebåt. Denne har vi kjennskap til berre gjennom skriftene til Hans Strøm. Truleg ikkje snedbetning.

Jekt Den største av sunnmørsbåtane. Omtale og illustrasjon hjå Hans Strøm. Fraktebåt. 10–30 lestar. 1 årepar. 8–10 mann. Framdrift: For det meste segl. Beingangar. (Ikkje snedbetning.) Ei jekt «Anna Olava» vart bygd i 2000, etter modell laga av Saxe Bjørkedal, ut frå båtmaterial funne i sjøbu på Håkonsholmen i Ulstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse 1762
  • Daniel Liset: Sunnmørs-åttringen i Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1911
  • Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Ord og uttrykk. Volda 1987
  • Andreas Vartdal: Båten i Minne frå Vartdalsstranda. Vartdalsstranda Sogelag. Årsskrift 2005