Sunnylven kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunnylven kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Stranda
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre prosti
Type Langkyrkje
Arkitekt Rolfsen
Material Tre
Innvigd 7. august 1859[1]
 - Endringar Påbygd sakresti i 1959
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå 1934, av Per Vigeland
Sitjeplassar 400
Kart
Sunnylven kyrkje
62°05′07″N 6°51′58″E / 62.0854°N 6.866°E / 62.0854; 6.866
Wikimedia Commons: Sunnylven kyrkje
Sunnylven kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje er ei langkyrkje i Hellesylt i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1859 og har 400 sitjeplassar. Ho er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikningar laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. Rolfsen stod også bak Hornindal kyrkje og Nedstryn kyrkje i Nordfjord, og dei tre kyrkjene har mykje sams. Nils A. Liaaen teikna Sylte kyrkje i 1862 og var truleg inspirert av den nye kyrkja på Hellesylt.[2]

Kyrkja vart restauret i 1959 til hundreårsminne, og ho vart pussa opp innvendig i 1988.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Fram til 1861 var Sunnylven med Geiranger ein del av Norddal prestegjeld med hovedkyrkje på Dale.

Inspirasjon til Ibsens Brand[endre | endre wikiteksten]

Litografi av «Sønelvens Kirke i Søndmør» av Jacob Calmeyer frå Norge fremstillet i Tegninger
Kyrkja fotografert på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Henrik Ibsen vitja Hellesylt på reisa gjennom Vestlandet sommaren 1862.[3] Kyrkja var då ny og Sunnylven var frå 1861 eige prestegjeld. Sunnylven og soknepresten Ole Olsen Barman (f.1816)[4] kan vere inspirasjon for Ibsens dramatiske dikt Brand[5]. Andre akt av Brand bryjar slik: «(Nede ved Fjorden med bratte Bergvægge omkring. Den gamle forfaldne Kirke ligger paa en liden Bakke i Nærheden. Et Uveir trækker opp).» Femte akt skildrar den nye kyrkja klar til å bli innvigd «(Halvandet år senere. Den nye kirke står fuldfærdig og smykket til indvielsen. Elven rinder tæt forbi. Det er tidlig tåget morgen.) (KLOKKEREN er ifærd med at hænge kranse op udenfor kirken; lidt efter kommer SKOLEMESTEREN.)»

Jacob Mathias Calmeyer teikning av «Sönelvens Kirke i Søndmør» vart trykt i Christian Tønsbergs «Norge fremstillet i Tegninger» (1848).[6] Peter Chr. Asbjørnsen, Ibsens ven og stoffkjelde, leverte forklarande tekst til teikningane, og for kyrkja på Hellesylt skreiv Asbjørnsen: «Ved Bunden af Fjorden oppe paa Bakken ved Hellesylt seer man Sönelvens Kirke. Elven styrer sin betydelige Vandmasse forbi den ud i Fjorden.»[7]

Tidlegare kyrkjer i Sunnylven[endre | endre wikiteksten]

Det har vore kyrkje i Sunnylven sidan mellomalderen. Den fyrste stod på Korsbrekke og var truleg bygd kring 1150.[8] Det tidlegaste ein finn henne nemnd i skriftlege kjelder er i Aslak Bolts jordebok frå kring 1433. Dette skal ha vore ei stavkyrkje i korsform. I 1720 var kyrkja «af et Guds veir meget ruineret, taget, kjøler og vindski var næsten afblæst».[9] Denne kyrkja vart teken av skreda Korsbrekkfonna 15. mars 1727. Til å erstatte henne vart det bygd ei korskyrkje på Hellesylt i 1730. Korskyrkja vart riven i 1858 for å gje plass den noverande kyrkja. Gamlekyrkja var då vorte for lita.

Hans Strøm vitja området omkring 1760. Då var Sunnylven del av Nordalens prestegjeld og Sunnylven sokn hadde i 1757 867 innbyggjarar (av desse 240 i Geiranger).[10] Hans Strøm skriv i 1766:

«Hellesylt, som egentlig ligger ved Nebbedalens Aabning, har tilforn været et Tingsted for Sundelvs-Skibrede, hvilket tillige med Dale-Skibrede er siden henlagt til Gaarden Langeloe i Strands Sogn, som ligger beleiligere for Stedets Verdslige Øvrighed, der 2 Gange om Aaret maae besøge alle Tingsteder. Derimot er Sogne-Kirken, eller den saa kaldte Sundelvs-Kirke, forflyttet hid fra den tvert over for liggende Gaard Korsbrekke, hvor den i Aaret 1726 blev ødelagt av Snee-Fond. Den bestaaer nu af Tømmer, og ligger smukt paa en høi Bakke; men har ellers intet mærkværdigt. Dens Vedligeholdelse besørges af Sognemændene, ved hielp av et lidet Kirke-Gods, som bestaaer af 3 Voge og 12 Mark Fisk.»[11]

Jacques de la Tocnaye passerte gjennom Hellesylt på reise nedover Vestlandet i 1799 (reisedagboka hans er kjent for dei nådelause skildringane). Han kom med båt frå Stranda på ein søndag med preike:[12]

«Jeg gikk i land idet bøndene kom ut av kirken. Stedet hadde nok ikke hatt besøk av en utlending på tjue år, for de flokket seg rundt meg. Inne i sakristiet, som knapt var ti fot bredt, satt sikkert et halvt hundre mennesker og glodde på meg med åpen munn. (...) De satt her og ventet på presten for å ordne sine forskjellige anliggender, (...) Presten kommer bare én gang i måneden til dette avsidesliggende sognet. Han bor tre mil unna, i Norddal. Hver gang han skal preke i en av de kirkene som sorterer under ham, kommer seks mann fra vedkommende menighet og henter ham i båt på lørdagen, og mandagen etter blir han hentet av folk fra hjemstedet. Så kom da presten, folk strømmet inn, og jeg klatret opp gjennom en luke i taket, til loftet hvor jeg skulle få tilbringe natten. Litt senere klatret jeg ned igjen og lot presten lese det introduksjonsbrevet biskopen i Trondhjem hadde utstyrt meg med. Jeg ble da invitert til et enkelt måltid sammen med ham og klokkeren.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sunnylven kyrkje» på nettstaden hellesylt.no
  2. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  3. http://snl.no/.nbl_biografi/Henrik_Ibsen/utdypning
  4. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.247 og s.293
  5. Koht, Halvdan (1954): Henrik Ibsen - eit diktarliv. Oslo: Aschehoug, bind 1, s.249.
  6. Tønsberg, Chr. (1848): Norge fremstillet i tegninger. Texten af P. Chr. Asbjørnsen. Christiania: Udgiverens Forlag
  7. http://digitalarkivet.uib.no/norbild/
  8. Om Sunnylven kyrkje på nettstaden kulturnett.no
  9. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.348.
  10. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.245.
  11. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.278.
  12. Tocnaye, Jacques de la (1980): En franskmann i Norge i 1799. Først utgitt i Brunswick 1801. Norske utgave: Cappelens forlag, s.68.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]