Suomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Suomi er det finske namnet på Finland. Det er også eit finsk etternamn som tidvis også har vore brukt som førenamn, både av menn og kvinner.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Det finske språket er eit av dei finsk-ugriske (uralske) språka, i slekt med samisk, estisk og ungarsk. Det er ikkje eit indo-europeisk språk. Fleitalet av folket i Finland har finsk til morsmål, mens eit mindretal har svensk, og eit enda mindre mindretal har samisk til morsmål.

Ordet suomi er lånt frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk zemlja, som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet i nord’, dvs den delen av Finland baltarane hadde kontakt med. Dette ordet gjennomgjekk lydendringa š → h i finsk, så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahtis ligg). I samisk gjekk ordet gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium også m → pm, slik at vi fekk Sápmi, Sameland. Det same ordet *sämä lånte baltarane så attende frå finnane som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i ”Det egentliga Finland” (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Bruk som personnamn[endre | endre wikiteksten]

I 2009 hadde 1 908 personar i Finland etternamnet Suomi. Som førenamn er Suomi sjeldnare. I Finland var det på denne tida blitt registrert gjeve som mannsnamn 42 gonger, alle før 1979 og dei fleste før 1940. Det var blitt gjeve som kvinnenamn 16 gonger, også her hovudsakleg før 1940.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]