Super Audio CD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Super Audio Compact Disc eller SACD er ein optisk disk for lagring av lyd. Han vart utvikla av Sony og Phillips og kom på marknaden i 1999, meint som ein etterfølgjar til CD-formatet. Med SACD-formatet kan ein ha fleire lydkanalar (til dømes kringlyd) og lenger speletid enn på ein CD. Forskarar hevdar derimot at lydkvaliteten på ein SACD ikkje er spesielt forskjellig frå ein vanleg CD.[1]

SACD hadde liten innverknad på marknaden då han kom og i 2007 vart han av pressa rekna som eit mislukka forsøk.[2] I 2010-åra er det framleis ein liten marknad for SACD.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyer, E. Brad and Moran, David R.. «Audibility of a CD-Standard A/DA/A Loop Inserted into High-Resolution Audio Playback». AES E-Library 55 (9): 775–779. 
  2. The Guardian, Thursday 2 August 2007 No taste for high-quality audio by Jack Schofield. "Such a format—Super Audio CD (SACD)—has been out there since September 1999. And now, it's dying." Retrieved on May 29, 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]