Super Mario Bros.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Super Mario Brothers)
Super Mario Bros.

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Shigeru Miyamoto,
Hiroshi Yamauchi,
Takashi Tezuka (designarar)
Kōji Kondō (komponist)
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieSuper Mario
Plattform(er)NES, Game & Watch,
GBA, Virtual Console
UtgjevingJP: September 1985
NA: 1986
EU: Mai 1987
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3+
ESRB: E
Del av serien Super Mario
Super Mario Bros.: The Lost Levels

Super Mario Bros. er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Nintendo Entertainment System. Det vart gjeve ut i Japan september 1985, i Nord-Amerika 1986 og i Europa mai 1987. Spelet handlar om røyrleggjarane Mario og Luigi skal frigjere prinsesse Toadstool som er blitt bortført av Bowser.

Super Mario Bros. er blitt omlaga eller gjeve ut på nytt på fleire plattformer. Det er mellom anna inkludert i samlinga Super Mario All-StarsSNES, er blitt overført til Game Boy Advance som ein del av NES-classics-serien, og er tilgjengeleg som ei nedlasting frå Virtual ConsoleWii.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

I Super Mario Bros. styrer spelaren Mario, og eventuelt Luigi om det er to spelarar. Målet er å kome seg gjennom Sopperiket (en: Mushroom Kingdom) utan å bli treft av undersåttane til hovudfienden, Bowser, for å berge prinsesse Toadstool. Totalt er dei åtte verder, med fire nivå i kvar av dei. Spelaren får nokre liv for kvar omgang, og ein mistar desse ved å koma borti fiendar, dette ned i hòl eller om tida for nivået går ut. Spelet er over om ein går tom for liv.

Mario kan hoppa på fiendar for å åta dei, og dette har ofte ulike effektar på dei mange typane fiendar; nokre vil umiddelbart bli nedkjempa, andre vil berre forandre form. Gjennom spelet vil Mario koma over utstyr som kan gjere han sterkare. Mario kan gjere seg større med å plukke opp soppar. Desse gjer at han toler meir og kan knuse brune blokker. Han kan også plukke opp Eld-blomar som lèt han skyte små eldkuler mot fiendane. Om Mario finn ei glødande stjerne kan han gjere seg usårleg mot dei fleste hinder i eit kortvarig tidsrom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]