Super Mario Galaxy
| Super Mario Galaxy | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD Tokyo |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Mario |
| Sjanger | Plattform |
| Spelmodus | Einspelar, samverkande fleirspelar |
| Utgjeving | JP 1. november 2007 NA 12. november 2007 EU 16. november 2007 |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
| Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G |
Super Mario Galaxy (スーパーマリオギャラクシー) er eit 3D-plattformspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og publisert av Nintendo på Wii. Det vart gjeve ut globalt gjennom november 2007, og er det tredje 3D-plattformspelet i Mario-serien, etter Super Mario 64 og Super Mario Sunshine. Spelet handlar om Mario som fer på eventyr i verdsrommet for å frigjera prinsesse Peach frå Bowser. Nivåa er galaksar som er fylte med småe og store planetar, der gravitasjonen deira påverkar korleis ein kan manøvrera Mario.
Ein oppfølgjar til spelet, Super Mario Galaxy 2, er under utvikling.[1]
Innhaldsliste |
Handling [endre]
Spelet opnar med at Mario vert invitert av prinsesse Peach til den hundreårlege «stjernestøvfestivalen» (en: Stardust Festival) for å høgtida kometen som fer over himmelkvelven. Under feiringa trengjer Bowser seg brått inn i Sopperiket med ein flåte luftskip og spolerer festivalen. Han påkallar ein svær flygande tallerk som ryskjer heile slottet til Peach frå bakken og løftar det ut i verdsrommet. Etter at Mario gjer eit feilslått forsøk på å ta seg av problema, vert han slått vekk av ein av lakeiane til Bowser og endar opp på ein liten planet. På denne planeten møter han på ei gåtefull dame (en: Rosalina) og stjernekompisane hennar (en: Luma). Rosalina viser seg å vera ein «stjernevaktar» som nyttar eit flyttbart observatorium for å reisa rundt i universet. Diverre fungerer ikkje obervatoriet som det skal sidan Bowser har stole alle kraftstjernene (en: Power Stars) som driv dette. Mario må så utforska fleire hjørne av universet for å sanka inn dei stolne stjernene, for å til slutt kunna reisa til sjølve sentrum av universet der Bowser held til.
Super Mario Galaxy 2 [endre]
Super Mario Galaxy 2 (スーパーマリオギャラクシー2) er annonsert å vera under utvikling av Nintendo EAD Tokyo for Wii. Spelet er oppfølgjaren til Super Mario Galaxy og skal etter planen verta gjeve ut i 2010.[1]
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Super Mario Galaxy 2 - produktinformasjon. Vitja 10. august 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Super Mario Galaxy hjå Nintendo.no
- Offisiell japansk nettside
- Offisiell europeisk nettside
- Offisiell amerikansk nettside
|
|
|
|---|---|
| Mario-spel i 2D | Donkey Kong · Mario Bros. · Super Mario Bros. · The Lost Levels · Super Mario Bros. 2 · Super Mario Bros. 3 · Super Mario Land · Super Mario World · Super Mario Land 2 · Yoshi's Island · New Super Mario Bros. · New Super Mario Bros. Wii · New Super Mario Bros. 2 · New Super Mario Bros. U |
| Mario-spel i 3D | Super Mario 64 · Super Mario Sunshine · Super Mario Galaxy · Super Mario Galaxy 2 · Super Mario 3D Land |
| Andre spel | Wrecking Crew · Wario Land: Super Mario Land 3 · Mario Clash · Luigi's Mansion · Mario Pinball Land · Super Princess Peach |
| Andre seriar | Mario Kart · Mario Party · Rollespel · Sportspel · Donkey Kong · Wario · Super Smash Bros. |