Super Mario Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Super Mario Land

Utviklar(ar)Nintendo R&D1
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Satoru Okada
Produsent(ar)Gunpei Yokoi
Komponist(ar)Hirokazu Tanaka
SerieSuper Mario
Plattform(er)Game Boy
UtgjevingJP: 21. april 1989
NA: 1. august 1989
EU: 28. september 1990
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/n02/dmg/mla/index.html
Del av serien Super Mario, Super Mario Land⠀
Super Mario Bros. 3 · Super Mario World, Super Mario Land 2

Super Mario Land er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo som ein lanseringstittel til den handhaldne spelkonsollen Game Boy. Det er det første plattformsspelet med Mario som vart gjeve ut på ein handhalden konsoll. I spelet styrer ein Mario gjennom 12 nivå ved å flytte seg mot høgre og hoppe mellom plattformer for å unngå fiendar og avgrunnar. Spelemekanikkane er lik dei i 1985-spelet Super Mario Bros., men justerte til den mindre skjermen på Game Boy. Ulikt andre Mario-spel går Super Mario Land føre seg i kongeriket Sarasaland, og figuren Mario følgjer prinsessa Daisy som gjer sin debut i dette spelet. Spelet inneheld òg to skytenivå i Gradius-stil.[1]

Super Mario Land vart lansert samtidig med Game Boy først i Japan i april 1989, deretter i resten av verda.[2] Spelet vart seinare utgjeve på nytt til Nintendo 3DS via Virtual Console i 2011, igjen som ein lanseringstittel.[3]

Super Mario Land fekk god mottaking hjå kritikarar, som hovudsakleg var nøgde med overgangen Mario-serien hadde til Game Boy, men merkte seg den korte lengda på spelet.[1][4] Game Boy vart ein suksess og Super Mario Land selde over 18 millionar kopiar.[2] Spelet har avla ein serie av oppfølgjarar, mellom anna Super Mario Land 2 i 1992 og Wario Land: Super Mario Land 3 i 1994, der den sistnemnde seinare skulle utvikle seg til ein eigen serie.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]