Super Nintendo Entertainment System
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Super Nintendo)
Super Nintendo Entertainment System (ofte forkorta til Super NES eller SNES) er ein 16-bits spelekonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. Han vart sleppt i Nord-Amerika, Europa, og Australia. I Japan er han kjend som Super Famicom. Han er etterfylgjaren til NES, og dermed Nintendo sin andre konsoll. 4. juni 1992 vart maskina lansert i Noreg.
[endre] Tekniske spesifikasjonar
Super Nintendo/Super Famicom var den fyrste konsollen som var i stand til å teknisk framstille akustikk i fjernsynsspelmusikk.
- CPU
- CPU: WDC 65C816 16-bits prosessor som køyrer på 1,79, 2,68, eller 3,58 MHz (variabelt), med 128 KB RAM
- Lyd
- Video
- Picture Processor Unit: 16-Bit
- Palett: 32 768 fargar
- Tekstur og map RAM: 64 KB
- Antal fargar samtidig på skjermen: 241 i modus 1 eller 256 i modus 7, utanom sub-blending
- Oppløysing: Dei fleste spel brukte 256x224 pikslar; det fanst triks for å bruke 512x448, men dette vart sjeldan brukt.
- Maksimum antal sprites samtidig: 128 (32 pr linje)
- Maksimum tal på sprite pixels på same scanlinje: 256. Bildegeneratoren hadde ein bug som gjorde at den ikkje ville teikne opp dei fremste spritene istaden for dei bakerste viss ei scanlinje gikk over grensa.
- Vanlegaste skjermvising: Pixel-to-pixel text mode 1 (16 fargar per tile; 3 rullande layers) og affine mapped text mode 7 (256 fargar per tile; ein rotating/scaling layer)
- Kraftforsyning
- Transformer Input: 120V AC, 60 Hz, 17 Watts
- Transformer Output: 10V DC, 850 mA (NTSC), 9V AC (PAL)
- Handkontrollarar
- Kontrollarrespons: 16 millisekund
- 2 sju-pinnars kontollarportar framme på maskina.
| Spelkonsollar frå Nintendo | ||
|---|---|---|
| Stasjonære | NES · SNES · Nintendo 64 · Nintendo GameCube · Wii · Wii U | |
| Handhaldne | Game & Watch · Game Boy · Game Boy Color · Game Boy Advance (SP · Micro) · Nintendo DS (Lite · DSi · DSi XL) · Nintendo 3DS | |