Superbike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Toseland (1) på ein Ducati leiar framføre Chris Walker (9) på ein Kawasaki og Yukio Kagayama (71) på ein Suzuki under ein VM-runde i 2005.

Superbike er ein grein innan motorsporten der motorsykkelførarar konkurrerer med modifiserte utgåver av gatesyklar. Superbike kan såleis samanliknast med standardbilløp som t.d. WTCC, medan motstykket til Superbike er MotoGP, der ein nyttar prototypar liknande formel 1. Skilnaden mellom Superbike og MotoGP i kva syklane presterer er derimot mykje mindre.

Syklar som konkurerer i Superbike må ha firetakst motorar frå mellom 850 kubikk og opp til 1200 kubikk for tosylindrarar, eller mellom 750 kubikk og 1000 for firesylindra motorar. Syklane må vere basert på fabrikerte gatemodellar, så det er ikkje lov å gjere endringar på sjølve ramma. Derimot kan ein gjere endringar på slikt som bremsar, hjuloppheng, svingarm og størrelsen på hjula.

Det internasjonale Superbike-meisterskapet heiter Superbike World Championship, ofte forkorta SBK. Meisterskapen vart skipa i 1988 og vert regulert av Fédération Internationale de Motocyclisme. Det eksisterer og nokre nasjonale meisterskap. Dei mest populære er i Storbritannia og nord-amerika. Det vert og arrangert nasjonale meisterskap i Japan, Kina og Australia, med kortare sesongar.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]