Superhop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Superhopar er enorme samlingar av galaksar og galaksehopar og er blant dei største strukturane i universet. Superhopane blir haldne saman av gravitasjonskrefter mellom galaksane. [1] Superhopar kan innehalda mellom 10 til 50 galaksehopar og kanskje ha ei utstrekning på meir enn 300 millionar lysår - omtrent 100 gongar avstanden mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen. [2]

Vår eigen galakse, Mjølkevegen, er del av galaksehopen den lokale gruppa, som igjen er del av den gigantiske Virgo-superhopen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Astronomiordlista hos Universitetet i Oslo (UiO)
  2. «Verdensrommet - En visuell guide til astronomi», av Mark A. Garlick, s. 182

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen som har med galakse å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.