Superkontinent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Superkontinenta Laurasia og Gondwana for 200 millionar år sidan

Eit superkontinent er ein landmasse som består av meir enn ein kontinental kjerne eller kraton. Samlinga av kratonane og terranane som utgjer Eurasia[1] kvalifiserer til eit superkontinent i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis nyttar paleogeografar uttrykket superkontinent om ei enkel landsmasse som består av all dei moderne kontinenta. Det tidlegaste kjende superkontinentet var Vaalbara. Det vart danna av protokontinent og var eit superkontinent for 3,1 milliardar år sidan. Vaalbara braut opp i mindre delar for om lag 2,8 milliardar år sidan. Superkontinentet Kenorland oppstod for rundt 2,7 milliardar år sidan og braut opp for om lag 2,5 millardar år sidan til protokontinent-kratona Laurentia, Baltica, Australia, og Kalahari. Superkontinentet Columbia oppstod og braut saman i perioden for 1,8 til 1,5 milliardar år sidan.

Superkontinentet Rodinia sprakk opp for om lag 750 millionar år sidan. Ein av bitane utgjer i dag store delar av kontinent som i dag ligg på den sørlege halvkula. Platetektonikk førte bitane av Rodina tilbake i ei anna form seint i paleozoikum og danna det kanskje mest kjende superkontinentet Pangaea. Pangaea braut så opp i eit nordleg og eit sørleg superkontinent, Laurasia og Gondwana.

Moderne studiar tyder at superkontinenta oppstår i syklusar og kjem saman og bryt opp igjen ved hjelp av platetektonikk i periodar på om lag 250 millionar år.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Superkontinenta blokker varmestraumen frå det indre av jorda og fører til at astenosfæren vert overoppvarma. Til slutt vil litosfæren byrje å bule oppover og bryte, medan magma stig til overflata og bitar av kontinent vert pressa frå kvarandre. Det er fortida omdiskutert korleis superkontinenta oppstår igjen, om platetektonikken fører dei saman igjen etter at dei har reist rundt jorda, eller om dei flyttar seg bort frå kvarandre og så tilbake mot kvarandre igjen.

I andre vitskapar som historie og geografi er landmassar som er knytt saman av eit eid og rekna som superkontinent eller berre kontinent, som Amerika. Enkelte historikarar omtalar heile landmassen Afrika og Eurasia som superkontinentet Afro-Eurasia.

Ikkje-komplett liste over superkontinent[endre | endre wikiteksten]

I omvendt rekkefølgje (stratolitisk rekkefølgje).

  • Pangaea Ultima eller Amasia (~250 – ~400 millionar år framover i tid (framtidig superkontinent))
  • Australia-Antarktis-Eurafrasia (~130 millionar år framover i tid (framtidig superkontinent))
  • Australia-Eurafrasia (~60 millionar år framover i tid (framtidig superkontinent))
  • Afro-Eurasia (~5 millionar år sidan til i dag)
  • Amerika (~ 15 millionar år sidan til i dag)
  • Eurasia (~ 60 millinoar år sidan til i dag)
  • Gondwana (~600 – ~30 millionar år sidan)
  • Laurasia (~ 300 – ~60 millionar år sidan)
  • Pangaea (~300 – ~180 millionar år sidan)
  • Euramerika (~ – ~300 millionar år sidan)
  • Pannotia (~600 – ~540 millionar år sidan)
  • Rodinia (~1,1 Ga – ~750 millionar år sidan)
  • Columbia, òg kalla Nuna, (~1,8–1,5 milliardar år sidan)
  • Kenorland (~2,7 milliardar år sidan. Kratonar frå neoarkeikum og ny kontinentalskorpe danna Kenorland. Langvarig tektonisk magmaplum førte til splitting frå 2,48 til 2,45 milliardar år sidan og dette medverka til isbredanningar i paleoproterozoikum i perioden 2,45 til 2,22 milliardar år sidan. Kontinentet braut til slutt saman for om lag 2,1 millliardar år sidan.)
  • Ur (3 milliardar år sidan, men kanskje ikkje eit superkontinent. Det er likevel det tidlegaste kjende kontinentet. Ur var uansett det største, og kanskje det einaste, kontinentet for tre milliardar år sidan, så ein kan likevel sei at Ur var eit superkontinentet på denne tida, sjølv om det kan ha vore mindre enn Australia i dag. Ein finn likevel eldre bergartar ved Grønland som går tilbake til hadeikum.
  • Komatii-formasjonen (3,475 milliardar år sidan)
  • Vaalbara (~3,6 milliardar år sidan. Bevis er Yilgarn-kratonen i Vest-Australia og det verdsomspennande grønstein-beltet frå arkeikum som etter kvart spreidde seg ut over Gondwana og Laurasia)
  • Yilgarn (Zirkon-krystallar frå Jack Hills i Vest-Australia viser til jordskorpedanning i perioden 4,4-4,3 milliardar år sidan. Bevis er høge oksygen-18-verdiar på 8,5 og mikroinklusjonar av SiO2 i desse zirkonkrystalla, som tyder på ein granittisk overflatebergart, låge temperaturar og eit flytande hav.)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Og til ein viss grad Amerika sett under eitt

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]