Supermarine Spitfire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Supermarine Spitfire Mk.IXc LF

Supermarine Spitfire er eit britiskprodusert einsetars jagarfly, nytta av Royal Air Force og mange andre allierte under den andre verdskrigen og fram til 1950-åra. Flyet fekk legendestatus etter slaget om Storbritannia og vart bygd i mange variantar.

Spitfire i norsk teneste[endre | endre wikiteksten]

To norske jagarskvadronar vart etablert i England under den andre verdskrigen: 331 skvadron den 21. juli 1941 og 332 skvadron den 15. januar 1942. Begge vart etterkvart sett opp med Spitfire. Loggbøker fortell at desse to skvadronane skaut ned 116 fiendtlege fly, 34 sannsynlege nedskotne og 124 skada. I 1943 var 331 den høgaste og 332 den 4. høgaste skårande av alle RAF sine jagerskvadronar.

Etter krigen flytta begge skvadronane til Noreg. 332 skvadronen med Spitfire vart den første norske flyavdeling som fekk fast opphald på Værnes Flystasjon.

Den siste norske eininga som nytta Spitfire i teneste var Luftforsvarets Fotoving. Vingen hadde delvis tilhald på Kjevik Flystasjon i åra etter krigen. Den disponerte tre blåmalte PR Mk. XI, ein variant av Spitfire som var spesialbygd for fotorekognosering. Fotovingen vart lagd ned den 26. mars 1954. Den siste flyginga med Spitfire i operativ teneste i Noreg, skjedde dagen før.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]