Superstar av Delaney and Bonnie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Superstar» er ein song frå 1969 av Bonnie Bramlett og Leon Russell[1]) som har vore ein hit for mange artistar gjennom åra. Den mest kjende versjonen er spelt inn av the Carpenters i 1971.

Originalversjonen vart spelt inn av Delaney & Bonnie and Friends, som var Delaney og Bonnie Bramlett, Leon Russell, Eric Clapton, og fleire andre. Songen heitte då «Groupie (Superstar)» og vart gjeven ut som B-sida til singelen «Comin' Home» i desember 1969. I 1970 spelte Joe Cocker songen på konsertturneen sin i USA og denne kom ut på konsertalbumet Mad Dogs and Englishmen med Rita Coolidge på vokal.

Den då ukjende, men særs livlege songaren Bette Midler byrja å synge fast på The Tonight Show Starring Johnny Carson i august 1970. Her song ho mellom anna «Superstar» berre akkompagnert av piano. Kring september 1970 spelte Cher inn songen som den siste singelen hennar for Atco Records. Vikki Carr brukte songen som tittelsporet på albumet hennar frå 1971. Peggy Lee spelte inn songen året etter for albumet Norma Deloris Egstrom from Jamestown, North Dakota.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har spelt inn songen som Luther Vandross, Nora Aunor, American Spring, Frances Yip, Raquel Welch, David Spinozza, Elkie Brooks, Keely Smith, David Sanborn, Regine Velasquez, , Gals Panic, Dogstar, , Me First and the Gimme Gimmes, Usher, The Motels, Shock of Pleasure, James Wilsey, Megurine Luka, Chrissie Hynde med James Walbourne frå The Pretenders.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BMI Repertoire Search: Superstar (Legal Title)». BMI. Arkivert frå originalen 31. august 2004. Henta 4. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]