Supersymmetri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Supersymmetri, ofte forkorta SUSY er ein teori i teoretisk fysikk som for tida blir rekna som ein av dei mest lovande utvidingane av standardmodellen for elementærpartiklar.

I supersymmetri har kvar elementærpartikkel ein superpartnar. Partnaren for eit boson er eit fermion, og for eit fermion er det eit boson.

LSP (Lightest Supersymmetric Partner) er den lettaste supersymmetriske partikkelen som kan tilførast systemet. Denne LSP-partikkelen blir rekna som den viktigaste kandidaten for identiteten til mørk materie. I motsetnad til andre supersymmetriske partiklar kan han ikkje spontant nedbrytast (og dermed bli kjelde for nye, endå lettare supersymmetriske partiklar), og det har bortsedd frå massen sin liten eller ingen interaksjon med kjend materie.

Dersom ein SUSY blir nytta på ein lokal symmetri (det same som utviding frå ein global til ein lokal gaugeteori), vil dette på ein elegant måte følgje relativitetsteorien. Denne teorien omfattar både supersymmetri og tyngdekraft og kallast difor supergravitasjon. Denne teorien stammar òg frå strengeteorien, som er den mest lovande teorien ved låge energiar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]