Suppletivisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Suppletivisme er ein morfologisk prosess som verken er segmental eller ikkje-segmental. Suppletivisme inneber at ein ordstamme blir skifta ut med ein annan, som i skilnaden mellom god og betre.

Suppletivisme skil seg frå andre morfologiske prosessar ved at det er umogleg å setje opp reglar som gjeld for fleire leksem. Ordforma god vekslar med betre og ille blir verre, og det er ingen ting ved forma betre som gjer det mogleg å spå kva form som svarer til grunnforma ille. Suppletivisme er dermed ein luksus som språket spanderer på seg berre for dei aller vanlegaste leksema i språket. I norsk har vi suppletivisme for vere — er — var, i mange dialektar bøyer ein bli — blir — vart — vorte, og det er suppletivisme mellom formene eg og meg, mellom du og deg.

Suppletivisme finn vi også for nokre av dei mest sentrale adjektiva (for orda for grunndistinksjonen mellom godt og vondt), for to

av dei viktige hjelpeverba, vere og bli, og for dei personlege pronomena. Suppletivisme har ei tilsvarande rolle også i andre språk.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.