Supremum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Supremum (forkorting sup) for ei talmengd er det minste talet som er slik at ingen tal i menda er større. Dersom mengda har eit maksimumselement, fell dette saman med supremum. Mengder utan eit maksimum kan likevel ha supremum. Til dømes er talet 2 supremum for mengda av alle reelle tal som er mindre enn 2, sjølv om talet 2 ikkje sjølv er med i mengda. Mengda av alle tal større enn 2 har derimot verken maksimum eller supremum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]