Surf's Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om albumet. For filmen, sjå filmen Surf's Up. For songen, sjå songen Surf's Up.
Surf's Up
Studioalbum av The Beach Boys
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 1971
Innspelt januar til juni,
bortsett frå «Take a Load Off Your Feet»: Seint 1969,
«Til I Die»: starta i midten av 1970,
«Surf's Up»: akkompagnement innspelg i november 1966.
Sjanger Rock, bluesrock, kunstrock, sunshine pop
Lengd 33:56
Selskap Brother/Reprise
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi 
Sunflower
(1970)
Surf's Up Carl and the Passions - "So Tough"
(1972)
Singlar frå Surf's Up
  1. «Long Promised Road» / «'Til I Die»
    Utgjeve: 24. mai 1971
  2. «Surf's Up» / «Don't Go Near the Water»
    Utgjeve: 29. november 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB–[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[3]
MusicHound Rock4/5[4]
Pitchfork8.9/10[5]
Rolling Stone4/5 stars[6]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[7]

Surf's Up er eit studioalbum av The Beach Boys basert på songen med same namn av Brian Wilson og Van Dyke Parks frå det skrinlagde Beach Boys-prosjektet Smile. Songen vart omarbeidd og nytta som tittelspor på det fjortande studioalbumet deira frå 1971. Smile, med originalutgåva av «Surf's Up», vart omsider gjort ferdig og gjeve ut av Brian Wilson og bandet hans i 2004.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1970, etter det kommersielt mislukka albumet Sunflower, tilsette The Beach Boys Jack Rieley som manageren deira. Rieley, ein DJ, hadde imponert bandet på falskt grunnlag (han påstod han var ein prisvinnande byråsjef i NBC i Puerto Rico) og hadde idear om korleis bandet skulle få tilbake respekten hos både tilhengjarane og kritikarane. Det første initiativet hans var å insistere på at Carl Wilson tok den musikalske sjefsrolla, som han i røynda hadde hatt sidan 1967. I tillegg kravde han at Brian Wilson sjølv gjorde ferdig «Surf's Up» slik at dei kunne gje han ut. Songen hadde fått mytiske proporsjonar i undergrunnspressa etter at Smile vart lagt på hylla tre år tidlegare. Han fekk òg i stand ein gjesteopptreden på ein Grateful Dead-konsert i april 1971.

I følgje Riely i 1996 hadde bandet delt seg i to leirar. Wilson-brørne som no var i kunstnarisk tilbakegang med narkotikaproblem, og dei kommersielt retta Mike Love, Al Jardine og Bruce Johnston som var totalavholdsfolk. I følgje Riely måtte bandet slå leiarane saman igjen om dei skulle nå høgdene dei hadde på midten av 60-talet. For å klare dette gav han nærast ordre til Jardine om å stoppe arbeidet på songen «Loop de Loop» i lag med Bruce Wilson, som Jardine meinte ville føre bandet til dei gamle kommersielle høgdene.

Brian Wilson nekta først å delta på songen «Surf's Up», så Carl Wilson la vokal på eit akkompagnement til songen frå 1966. Mot slutten av innspelinga dukka likevel Brian Wilson opp for å hjelpe brørne med å gjere songen ferdig.

Albumet inneheld òg «'Til I Die». Ein grublande song som Mike Love meinte var for deprimerande og ikkje passande for bandet. Wilson brukte fleire veker på å arrangere songen med harmonidriven vokal, vibrafon og orgel.

«Long Promised Road» og «Feel Flows» var dei første skikkelege songane til Carl Wilson og begge var nesten berre spelt inn av han aleine. I følgje medlåtskrivar Riely var den jazzaktige «Feel Flows» inspirert av kokainmisbruket deira. «A Day in the Life of a Tree» var den einaste nye Brian Wilson-songen på albumet. Bruce Johnston sin «Disney Girls (1957)» vart hylla som eit meisterverk av Brian Wilson og har vorte spelt av Art Garfunkel og Mama Cass Elliot.

Surf's Up kom ut i august til meir offentleg forventning enn The Beach Boys hadde fått på fleire år. Albumet gjorde det betre enn Sunflower og nådde 29. plass i USA og 15. plass i Storbritannia.

Surf's Up finst i dag på CD i lag med Sunflower.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Don't Go Near the Water» (Mike Love/Al Jardine)Mike Love og Al Jardine2:39
2.«Long Promised Road» (Carl Wilson/Jack Rieley)Carl Wilson3:30
3.«Take a Load Off Your Feet» (Al Jardine/Brian Wilson/Gary Winfrey)Al Jardine og Brian Wilson2:29
4.«Disney Girls (1957)» (Bruce Johnston)Bruce Johnston4:07
5.«Student Demonstration Time» (Jerry Leiber/Mike Stoller/Mike Love)Mike Love3:58
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
6.«Feel Flows» (Carl Wilson/Jack Rieley)Carl Wilson4:44
7.«Lookin' at Tomorrow (A Welfare Song)» (Al Jardine/Gary Winfrey)Al Jardine1:55
8.«A Day in the Life of a Tree» (Brian Wilson/Jack Rieley)Mike Love3:07
9.«'Til I Die» (Brian Wilson)Brian Wilson, Carl Wilson og Mike Love2:41
10.«Surf's Up» (Brian Wilson/Van Dyke Parks)Carl Wilson og Brian Wilson2:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beach Boys
Andre musikarar og teknisk personell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1971 UK Top 40 Album Chart 15
1971 US Billboard 200 Albums Chart 29[8]
Singlar i USA
År Singel Liste Plassering
1971 «Long Promised Road» US Billboard Hot 100 Singles Chart 89[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Surf's Up (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Sunflower/Surf's Up CD-hefte, Timothy White, c.2000.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. Bush 2002, s. 73.
  2. Christgau, Robert (1981). «The Beach Boys: Surf's Up». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Da Capo Press. ISBN 0306804093. Henta November 5, 2017. 
  3. The Virgin Encyclopedia of Popular Music, Concise (4th Edition), Virgin Books (UK), 2002, ed. Larkin, Colin.
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. «The Beach Boys: Sunflower/Surf's Up | Album Reviews». Pitchfork. 18. juli 2000. Henta 7. mars 2018. 
  6. «Internet Archive Wayback Machine». Web.archive.org. 15. oktober 2007. Arkivert frå originalen 15. oktober 2007. Henta 7. mars 2018. 
  7. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York, NY: Fireside/Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0-7432-0169-8. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 White, Timothy (2000). Sunflower/Surf's Up (CD Liner). The Beach Boys. Capitol Records. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 9,15 9,16 Desper 2002.
  10. Nolan, Tom (October 28, 1971). «The Beach Boys: A California Saga». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. november 2017. Henta 7. mars 2018. 
  11. Badman 2004, s. 296.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]