Surfin' USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Surfin' USA
Studioalbum av The Beach Boys
Språk engelsk
Utgjeve 25. mars 1963
Innspelt 31. januar til 12. februar 1963
bortsett frå: «Lonely Sea»: 13. juni 1962
Sjanger Surferock
Lengd 24:15
Selskap Capitol
Produsent Nick Venet
Kritikk
The Beach Boys-kronologi 
Surfin' Safari
(1962)
Surfin' USA Surfer Girl
(1963)


Surfin' USA er det andre albumet til The Beach Boys og kom ut tidleg i 1963. Albumet vart gjeven ut på Capitol Records og vvar det andre der Nick Venet var tilskriven som produsent.

Surfin' USA nådde andreplass på lista i USA og låg 78 veker på lista. Han nådde 17. plass i Storbritannia seint i 1965. Surfin' USA finst i dag på CD i lag med Surfin' Safari, samt bonusspor frå denne perioden.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Surfin' USA er kjend for tittelsporet som vart gjennombrotet deira, for låtskrivinga til Brian Wilson og vokalarrangementet. Den meir fyldige vokalen fekk dei ved å ta dobbelsporopptak av vokalen og fekk slik den unike stilen til The Beach Boys. Som med Surfin' Safari er det spekulert i at sjølv om Nick Venet offisielt står oppført som produsent, var det i røynda Brian Wilson som gjorde denne jobben.

Ein spesiell ting ved albumet er at fem av tolv songar er surfeinstrumentalar. «Stoked» var den første av mange instrumentalar som Brian Wilson skulle komponere for The Beach Boys dei komande åra. I tillegg inneheld plata instrumentalen «Surf Jam» som var den første songen den 16 år gamle Carl Wilson skreiv.

Tittelsporet på albumet er den mest kjende songen her frå. Andre songar på albumet var «Farmer's Daughter», den første av mange songar der Brian Wilson syng solovokal i falsett.

Tittelsporet «Surfin' USA» vart den første store hitten til The Beach Boys i USA og førte albumet til gullplate og ei Topp 10-plassering. Då albumet kom ut på nytt i 1965 i Storbritannia, nådde det 17. plass her. Sjølv om songen er tilskriven Brian Wilson er han ein direkte kopi av Chuck Berry sin «Sweet Little Sixteen». Trugel om søksmål gjorde at Berry vart tilskriven heile songen.[1]

Songen står på lista til The Rock and Roll Hall of Fame si liste over dei 500 songane som forma rock and roll.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Surfin' USA» (Brian Wilson/Chuck Berry)Mike Love2:27
2.«Farmer's Daughter» (Brian Wilson/Mike Love)Brian Wilson1:49
3.«Misirlou» (Roubanis/Wise/Leeds/Russell)Instrumental2:03
4.«Stoked» (Brian Wilson)Instrumental1:59
5.«Lonely Sea» (Brian Wilson/Gary Usher)Brian Wilson2:21
6.«Shut Down» (Brian Wilson/Roger Christian)Mike Love1:49
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Noble Surfer» (B. Wilson, Love)Mike Love1:51
8.«Honky Tonk» (Doggett/Scott/Butler/Sheper/Glover)Instrumental2:01
9.«Lana» (Brian Wilson)Brian Wilson1:39
10.«Surf Jam» (Carl Wilson)Instrumental2:10
11.«Let's Go Trippin'» (Dick Dale)Instrumental1:57
12.«Finders Keepers» (Brian Wilson, Mike Love)Mike Love1:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1963 US Billboard 200 Albums Chart 2[2]
1965 UK Top 40 Album Chart 17[3]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1963 «Surfin' U.S.A.» US Billboard Hot 100 Singles Chart 3
1963 «Shut Down» US Billboard Hot 100 Singles Chart 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009.
  • Surfin' Safari/Surfin' USA CD-heftet, David Leaf, c.1990.
  • «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994.
  • «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
  • «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
  • «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
  • http://www.Allmusic.com
    • «The Lost Beach Boy», Jon Stebbins og David Marks, 2008
  1. «SURFIN USA». BMI Repertoire. Broadcast Music Incorporated. Arkivert frå originalen 31. august 2013. Henta 16 November 2008. 
  2. «Surfin' U.S.A. - The Beach Boys: Awards». AllMusic. 
  3. «UK Top 40 Hit Database». EveryHit. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]