Surnadal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Surnadal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1566
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Skei
Areal 1 366 km²
Folkemengd 5 927 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Mons Otnes (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.surnadal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1566.svg
Surnadal kommune på Commons
Trollhetta sett frå Snota
Mo kyrkje er ei av dei få Y-forma kyrkjene i landet.

Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Halsa og Hemne i nord, Rindal i aust, og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik.

Frå Surnadal strekker det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden[treng kjelde]. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.

Det milde klimaet og jordsmonnet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei. Surnadal har ferjesamband med Sunndal over KvanneRykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjente diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Surnadal kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5][6] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
5887a 6135a 6703a 6760a 6554a 5979 6259 6391 6248 5956
a Talet omfattar krinsen Ålvundfjord og grendene Åsprong og Sandnes, som var del av gamle Stangvik kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965. Ålvundfjord vart då overført til Sunndal kommune og Åsprong og Sandnes til Tingvoll kommune. Desse områda hadde då 534 innbyggjarar til saman.

Kjende personar frå Surnadal[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

http://www.kvalvik.no/surnadal/start.asp

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Surnadal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Folkemengd i Stangvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Folkemengd i Åsskard 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå