Surnadalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Surnadalsfjorden

Surnadalsfjorden er ein fjord i Surnadal kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 10 km austover til Surnadalsøra i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Torvikneset i sør og Kjergroneset i nord. Grenda Årnes ligg like aust for Kjergroneset på nordsida, medan Torvika ligg tvers over fjorden på andre sida. Det er fleire bruk på begge sider innover i fjorden, mellom anna Sjøasetra og Glærem på kvar si side av fjorden like før Surnadalsøra.

Elva Surna munnar ut i fjorden ved botnen.

Fv326 går langs sørsida av fjorden, medan Fv328 går på nordsida.