Surrealisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det surrealistiske fotografiet Dali Atomicus (1948) av Philippe Halsman avbilder kunstnaren Salvador Dalí i lufta saman med fleire flygande ting.

Surrealisme er ei kunstretning i biletkunsten og litteraturen som oppstod i byrjinga av det 20. hundreåret og var inspirert av det umedvitne, slik dette vert definert i psykoanalysen.

Surrealismen var påverka av Freud og teoriane hans om det undermedvitne. Den teoretiske og ideologiske grunngjevinga for kunstretninga stod frå 1921 fyrst og fremst den franske forfattaren, kunstteoretikaren og kritikaren André Breton for ved at han mellom anna skreiv dei ulike surrealistiske manifesta (les Manifestes du surréalisme).

Ordet surrealisme tyder over realiteten eller utover realiteten. Retninga freista å framstille det umedvitne ved å nytte som middel forvrenging av røyndomen og framandgjering. Forfattarar, målarar og skulptørar søkte grunnlaget for kunstuttrykka i menneskets eigen røyndom i det umedvitne, nytta inntrykk frå rus og draum som inspirasjonskjelde, freista å utvide medvitet og røynda på globalt nivå og å forkaste alle gjeldande verdiar. Surrealismen inneber difor ei anarkistisk oppfatning av kunsten og av verda.

Cloud Shepherd (1953). Skulptur av Hans Arp.

Surrealistiske biletkunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Surrealistiske forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Surrealistiske fotografar[endre | endre wikiteksten]

Surrealistiske filmskaparar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Byggjer i utganspunktet på Wikipedia på bokmål, versjonen av 27.11.07

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Surrealisme