Surrey Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
CalvertRoadDorking.jpg

Surrey Hills er ein Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde, (AONB) i Surrey i England. Han ligg inntil ein annan AONB, Kent Downs, og begge desse ligg i området kjent som North Downs.

Området har tre turvegar: North Downs Way, Greensand Way og Pilgrims' Way.

Surrey Hills består for det meste av kalksteinsrygger, og området har mange sjeldne plante- og insektarter. I ein del av området, Blackheath Commons, føregår det boring etter olje og gass. Delar av Surrey Hills, blant anna Ranmore Common og Box Hill, er eigd av National Trust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]