Distriktet Sursee
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sursee amt)
| Sursee (Amt Sursee) | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | kantonen Luzern |
| Hovudstad | Sursee |
| Areal | 302,04 km² |
| Folketal | 70 862 (2010) |
| Kommunar | 22 |
Distriktet Sursee er eitt av fem distrikt (Ämtern) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 302 km² og hadde 70 862 innbyggarar i 2010. Landsbyen Sursee er hovudstad i distriktet, og ligg ganske sentralt i distriktet som i nord grensar til Aargau.
Distriktet Sursee består av 22 kommunar. Omframt hovudstaden Sursee, som er den mest folkerike kommunen, har kommunane Ruswil og Neuenkirch meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Beromünster, Büron, Buttisholz, Eich, Geuensee, Grosswangen, Hildisrieden, Knutwil, Mauensee, Neudorf, Nottwil, Oberkirch, Pfeffikon, Rickenbach, Schenkon, Schlierbach, Sempach, Triengen og Wolhusen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sursee (Amt)» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2011.