Surville Cliffs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
North Cape med Surville Cliffs
Kartkoordinatar: 34°23′47″S 173°01′00″E

Surville Cliffs er det nordlegaste punktet på hovudøyene på New Zealand. Klippene ligg ved North CapeNordøya, 30 km aust for Cape Reinga, og tre km lenger nord. Tidlegare har klippene stundom vorte kalla Kerr Point, men det verkelege Kerr Point ligg eit kort stykke unna ved den vestlege enden av North Cape.

Den første europeiske oppdginga av klippene vart gjort av den franske handelsmannen og navigatøren Jean-François-Marie de Surville i desember 1769, då han segla skipet sitt, «St Jean Baptiste», til New Zealand for å finna ein trygg ankringsstad der han kunne ta hand om sjuke mannskap.

Klippene utgjer 1,2 km2 med vulkanske bergarter. Dei dannar eit unikt miljø som er viktig for fleire trua og utsette plantar som er endemiske for området.

Lenkjer ut og referansar[endre | endre wikiteksten]