Susann Goksør Bjerkrheim
Susann Goksør Bjerkrheim (fødd 7. juli 1970) er ein tidlegare handballspelar frå Oslo. Goksør Bjerkrheim spela 296 landskampar og skåra 844 mål for Noreg i tida 1987-2000, og var landslagskaptein frå 1993 til 2000. I 1999 vart ho verdsmeister med Noreg, då Frankrike i finalen på Lillehammer vart slått 25-24 etter ekstraomgangar. Mellom 1988 og 2000 vann ho i alt åtte medaljar i ulike OL, VM og EM. Goksør Bjerkrheim var midtre rykkrom-spelar («playmaker»).
Ho er sidan 1998 gift med den tidlegare handballspelaren Svein Erik Bjerkrheim.
Innhaldsliste |
Aktiv [endre]
Susann Goksør spela for Bækkelagets Sportsklub i Oslo frå 1985 til 1997. Ho vart cupmeister med klubben i 1994 og 1996/97. Både i 1994 og 1995 spela Bækkelaget seg fram til finalar i europeiske cupturneringar, men tapte fyrst citycupen samanlagt 43-45 mot tyske Buxtehuder. Året etter vart det nytt finaletap, då i EHF-cupen på færre bortemål enn Debrecen for Ungarn.
Etter indre strid i Bækkelaget forlet Goksør, og spelarar som Kjersti Grini og Heidi Tjugum, klubben våren 1997. Frå 1997 til ut 2000 spela ho for Nordstrand Idrettsforening, også det eit Oslo-lag. Ho la opp etter dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000. I 2008 gjorde ho eit kortvarig comeback for Nordstrand i eit forsøk på å berge laget frå nedrykk frå toppserien.
Merittar landslag [endre]
- OL 1988 - Sølv
- VM 1990 - Nr 6
- OL 1992 - Sølv
- VM 1993 - Bronse
- EM 1994 - Bronse
- VM 1995 - Nr 4
- EM 1996 - Sølv
- OL 1996: Nr 4
- VM 1997 - Sølv
- VM 1999 – Gull
- OL 2000 – Bronse
Bakgrunnsstoff [endre]
- Norsk biografisk leksikon
- Mal:NHF
- (en) Susann Goksør Bjerkrheim – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Medaljestatistikk, Olympiske leikar for Susann Goksør-Bjerkreim på Databaseolympics.com
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Susann Goksør Bjerkrheim» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2012.