Susanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Susanna, Susanne, Susann og liknande namn er kvinnenamn av hebraisk opphav. Dei kjem alle frå namnet שׁוֹשַׁנָּה [šōšannā], som tyder ‘lilje’. Namnet blei til Sousannagresk, Susanne og Suzanne på fransk og Susan på engelsk. Det har òg ei rekkje kortformer.

Susanna i badet er blitt skildra i talrike kunstverk. Dette måleriet av Artemisia Gentileschi er frå 1610.

Namnet er best kjend frå Daniels bok, der det er namnet til ei vakker kvinne som badar og blir sett av to eldre menn. Når ho nekter å ligga med dei skulder dei henne for å ha drive hor med ein ung mann. Vitnesbyrdet deira blir gjennomskua fordi dei to nemner to svært ulike tre dette skal ha skjedd under når dei blir avhøyrt i einerom. Soga har inspirert mange kunstverk.

Det finst òg ei Susanna i Lukasevangeliet (8:1-3). Ho var ei av kvinnene som følgde Jesus.

I den katolske kyrkja er Susanna namnet til ein martyr og helgen frå Dalmatia. Ho skal ha vore dottera til den heilage Gabinus av Roma og niesa til paven Caius. Ho blei halshogd i Roma i 295 under keisar Diokletian.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • kortformer i mange land: Susi, Suse, Sanne, Sanna, Susa, Susu
  • engelsk: Susan, Susann, Sue, Suzie
  • fransk: Susanne, Susette, Suzette
  • finsk: Sanna, Sanni, Susanna
  • georgisk: Schuschanik
  • italiensk: Susanna
  • kviterussisk: Sjuzanna, Susanna, Zulisja
  • litauisk: Zuzana, Zūzana, Zūzane, Zuze, Zūze, Zūne
  • persisk: Susæn, Suzan
  • spansk: Susana
  • svensk Susen, Sanna
  • slavisk: Susanka
  • ungarsk: Zsuzsa, Zsuzsánna, Zsuzska

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Susanna av Bayern (1502–1543), dotter av hertug Albrecht IV av Bayern.

Namnet har vore brukt i Skandinavia sidan 1200-talet. På 1900-talet blei den franske forma av namnet, Susanne, vanlegare enn den greske forma. Det er i dag rundt 4 000 som heiter Susanne i Noreg, mot rundt 750 med namnet Susann, 650 Susan og 250 Susanna (2005). I Sverige gjekk Susanne gjennom ei popularitetsbølge på 1960- og 70-talet og var ei stund det femte vanlegaste jentenamnet. Ved inngangen til 2005 hadde 50 985 svenskar førenamnet Susanne, medan 12 917 heitte Susanna.

Susan var blant dei ti mest gjevne namna i USA frå 1940 til 1970. Det var det 8. mest brukte kvinnenamnet i 1990, men er i dag mykje mindre brukt.

Namnedag[endre | endre wikiteksten]

Susanne har norsk namnedag den 16. juli. Susanna har svensk namnedag den 11. august medan Susanne ikkje lenger har namnedag. Også i andre land er det vanleg å feira namnedagen den 11. august, fordi den katolske kyrkja feira den heilage Susanna denne dagen. Ho blei teken ut av den katolske helgenkalenderen i 1969.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Susanna er eit oratorium i tre delar av Händel.

Susanne er òg namnet på ein dansk film frå 1950 og ein svensk film frå 1960.

«Oh! Susanna» er ein kjend amerikansk song frå 1840-talet. I nyare tid har Leonard Cohen brukt namnet i songen «Suzanne» og Espen Lind i «When Susannah cries (she cries a rainstorm)».

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]