Susanne Bratli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Susanne Bratli

Fødd10. juni 1966 (57 år)
Eskilstuna
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, offentleg tenestemann
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Høgskolen i Nord-Trøndelag
VervOrdførar i Overhalla 2003-2013
FøregangarFrank Jensen
EtterfylgjarJostein Hildrum
Alle verv

Susanne Bratli (fødd 10. juni 1966 i Eskilstuna i Sverige) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var ordførar i Overhalla kommune frå 1. mai til 1. november 2003, og fylkesråd 2003–2009. I 2009 vart ho vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke, og er medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité.

Bratli flytta til Namsos knapt eitt år gamal, og voks opp der. Som 13-åring meldte ho seg inn i Namsos AUF. Ho budde i Overhalla frå 1988 til 2006, der ho var ordførar i 2003, og har også vore nestleiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti 1993–1995, og leiar der 1995–1997. Bratli er frå 2006 busett på Steinkjer saman med familien sin. Ho vart vald inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995, og i perioden 2003–2007 var ho fylkesråd for samferdsle, næring og miljø. Frå 2007 til ho vart vald inn på Stortinget var ho fylkesråd med ansvar for regional utvikling, næring og internasjonale spørsmål.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]