Sussudio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sussudio
Singel av Phil Collins
frå albumet No Jacket Required
B-side «The Man with the Horn», «I Like the Way» (US)
Utgjeve 9. februar 1985[1]
Innspelt 1984
Sjanger Dancerock
Lengd 4:23
Selskap Virgin[2]
Produsent Phil Collins, The System
Phil Collins-kronologi
«One More Night»
(1984)
Sussudio «Don't Lose My Number»
(1985)

«Sussudio» er ein song av Phil Collins, gjeve ut som singel i februar 1985. Songen var òg opningssongen på det tredje albumet hans, No Jacket Required, det kom ut i januar same året. Songen vart mykje spelt på MTV i mai og 6. juli nådde både singelen og albumet toppen av salslistene i USA[1] Musikkvideoen vart filma i ein pub eigd av Richard Branson der Collins spelar songen til ein gjeng som først keiar seg, men så etter kvart byrja å danse.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det meste av teksten vart improvisert fram av Collins til rytmen av ein trommemaskin han hadde programmert. «Suss-sussudio» var ord som høvde bra med rytmen. Etter å ha prøvd å finne alternative ord som passa med rytmen, valte Collins å halde på «Sussudio» som òg vart namnet på songen.[3]

Programmeringa av synthesizeren, rytmen og synthbassen vart gjort av David Frank frå The System og blåsearrangementet vart seinare basert på basslinja.

Songen vart kraftig kritisert for at han høyrdest for mykje ut som Prince-songen «1999», noko Collins nekta for.[4]

«Sussudio» var den første singelen frå albumet som vart gjeve ut i Storbritannia, og den andre som vart gjeve ut i USA. I Storbritannia nådde songen 12. plass, medan han i USA gjekk heilt til topps på salslista.[1][5] Ein remix av songen finst på 12"ers.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7": Virgin / VS736 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. "Sussudio"
  2. "The Man with the Horn"

7": Atlantic / 7-89560 (US)[endre | endre wikiteksten]

  1. "Sussudio"
  2. "I Like the Way"

12": Virgin / VS736-12 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. "Sussudio» (Extended Remix)
  2. "Sussudio"
  3. "The Man with the Horn"

CD: WEA International / WPCR 2065 (Japan)[endre | endre wikiteksten]

  1. "Sussudio"
  2. "Sussudio» (Extended Mix)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[6] 13
Tyskland (Media Control Charts) 17
Nederland 12
Polen[7] 23
Storbritannia (The Official Charts Company)[8] 12
USA Billboard Hot 100[5] 1
USA Billboard Hot Dance Club Play[5] 4
USA Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs[5] 7
USA Billboard Mainstream Rock Tracks[5] 10
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[5] 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. ss. 160. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. Phil Collins: SussudioDiscogs (liste over utgjevingar)
  3. «VH-1 Storytellers: Phil Collins». VH-1 Storytellers. 1997-04-14.
  4. Bronson, Fred (1998). The Billboard Book of Number One Hits. New York: Billboard Books. ss. 624. ISBN 0-8230-7641-5. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Billboard.com - Artist Chart History - Phil Collins». billboard.com. Arkivert frå originalen den 2007-03-08. http://web.archive.org/20070308182137/www.billboard.com/bbcom/retrieve_chart_history.do?model.vnuArtistId=4332&model.vnuAlbumId=555318. Henta 2008-09-20. 
  6. Nyman, Jake (2005) (på finsk). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (1st ed.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  7. «Polish Singles Chart |». http://lp3.polskieradio.pl/notowania/?numer=152. 
  8. «Everyhit». everyhit.com. http://www.everyhit.com/. Henta 10 April 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]