Sutlej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sutlej
elv
Sutlejdalen frå Rampur, cirka 1857
Land  India,  Pakistan
Nedslagsfelt 395 000 km²
Sideelvar Beas
Lengd 1 450 km
Middelvassføring 500 /s
Kjelde lengst vest i Tibet
Munning samløp med Chenab
Kart
Sutlej
30°50′39″N 81°12′17″E / 30.8442°N 81.2046°E / 30.8442; 81.2046
Wikimedia Commons: Sutlej River

Sutlej (uttalt sˈʌtlidʒ) er ei elv i Sør-Asia med utspring i Himalaya. Ho er den austlegaste og største sideelva til Indus gjennom Chenab. Sutlej er rundt 1450 km lang, og ei av dei fem elvene som har gjeve namn til Punjab («Femelvlandet»).[1]

Elva har utspring ved Rakshastal-sjøen sørvest i Tibet. Ho følgjer ein djup dal som går tvers gjennom heile fjellkjeda og deler Himalaya i vestleg og ein austleg del.[1]

Sutlej er mykje nytta til kunstig vatning og kraftproduksjon.[1] Elva er opphav til to vatningssystem: Sirhindkanalen, som ved Rupar tek vinterflaumen frå Sutlej, og oversvømmingskanalen for øvre og nedre Sutlej i Ferozepur og Bahawalpur nedanfør møtepunktet mellom Sutlej og Bias.

I byrjinga av 1800-talet, då Ranjit Singh herska over Sikh-riket, danna Sutlej ei grense mellom sikhane og områda under Det britiske austindiakompaniet. Sikhstatar sør for elva blei kalla Cis-Sutlej-statar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Sutlej», Store norske leksikon, 22. april 2013 
Materiale frå Nordisk familjebok, «Sutlej», 1913.