Sutras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sutras
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 14. oktober 1996
Innspelt 1995 – 1996
Sjanger folk
Lengd 50:51
Selskap American Recordings
Produsent Rick Rubin
Kritikk
Donovan-kronologi
The Children of Lir
(Irland 1994)
Sutras Rising Again [live]
(2001)

Sutras er det nittande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut den 14. oktober 1996. Den amerikanske utgåva er utan det siste sporet, «The Garden».

Historie[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1990-åra hadde ein gjeven ut platene til Donovan frå 1960-åra på CD, i tillegg til plateboksen Troubadour: The Definitive Collection 1964-1976. Desse utgjevingane introdusere òg Donovan for nyare generasjonar, som hjelpte å byggje opp att tilhengjarskaren hans.

I 1993 tok produsent og grunnleggjar av American Recordings Rick Rubin kontakt med Johnny Cash for å spele inn ei rekkje songar med Cash og enkle arrangement. Cash si American Recordings vart ein suksess både kritisk og kommersielt, og signaliserte ein ny start på karrieren hans. Denne suksessen fekk Rick Rubin til å leite etter andre artistar som kunne passe inn i same modell. Medan han var i studio med with Tom Petty, nemnde Rubin at han kunne tenkje seg å arbeide med Donovan. Petty foreslo at han ringte Donovan, noko han gjorde.

Donovan gjekk med på å la Rick Rubin produsere det neste albumet hans, og gjorde klar over hundre songar for innspelinga. Under innspelingane nytta dei få instrument, mykje likt det Cash gjorde på American Recordings med suksess. Rubin insisterte på at Donovan skulle lytte til visene han hadde spelt inn for Pye Records i 1964 og 1965 som inspirasjon. Innspelingane tok til i 1995 og Sutras kom ut året etter.

Sutras fekk blanda kritikk då det kom ut og fekk på langt nære slike salstal som Johnny Cash hadde fått. Donovan fekk ikkje lenger langvarige platekontraktar og Sutras vart det einaste samarbeidet hans med Rick Rubin, og er i dag ute av opplag i USA. Trass i at det selde dårleg, sikra Sutras Donovan ein trygg tilhengjarskare som følgde ein artist som no gav ut nytt material. Internett spelte ei viktig rolle i å samle Donovan-tilhengjarane etter at Sutras kom ut. Donovan følgde nøye med på denne utviklinga og brukte dei fem neste åra på å omorganisere verksemda si rundt Internett for å lettare å nå ut til tilhengjarane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Please Don't Bend»   4:14
2. «Give It All Up»   3:09
3. «Sleep»   2:47
4. «Everlasting Sea»   3:33
5. «High Your Love»   2:31
6. «The Clear-Browed One»   3:20
7. «The Way»   2:16
8. «Deep Peace»   3:11
9. «Nirvana»   3:31
10. «Eldorado»   3:06
11. «Be Mine»   3:28
12. «Lady of the Lamp»   3:53
13. «The Evernow»   4:09
14. «Universe Am I»   4:46
15. «The Garden»   2:51

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]