Suvenir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suvenirstand i London
Suvenirar i Aten
Suvenirar i Venezia

Ein suvenir er ein gjenstand som skal minne eigaren om ei oppleving, gjerne ei utanlandsreise.

Suvenirar kan vere tradisjonelle produkt frå eit land eller ein kultur, men typiske suvenirar er masseproduserte, rimelege og lite brukande.

Typiske suvenirartiklar[endre | endre wikiteksten]

Typiske suvenirar er modellar av kjende turistattraksjonar, kleplagg eller handdukar med kjende motiv, eller platter med motiv som kan knytast til staden. Matvarar kan verte selde i små suvenirpakningar, og tilsvarande kan alkoholhaldig drykke seljast i suvenirflasker.

Som døme på vanlege suvenirar kan nemnast