Svæve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svæve
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Slekt: Svæve Hieracium
L., 1753

Svæve er ei stor slekt i korgplantefamilien.

Slekta omfattar rundt 750 forskjellige artar med mange underartar som til dels er vanskeleg å skilje frå kvarandre. I Noreg er det i følgje Johannes Lid omtalt 250 artar, medan Axel Blytt meinte 700 norske artar var omtalte med eige namn i den hieraciologiske litteraturen, og han meinte, at om heile landet vart undersøkt, ville talet på hieraciumformer av høgre eller lægre systmatisk rang vere nærare 1400.

Berre hieraciologar kan skilje alle artane frå kvarandre; nokre av dei enklare kjennelege er nemnde i Lids flora og er tekne med i taksoboksen til høgre.

«- sveve er et livsstudium, som man må vie seg til i ung alder - - -»
«- når den ikke for lengst er blitt et kors for botanikere, kommer det av at de aller fleste går i en stor bue utenom de svever de møter.»

Knut Fægri i Noregs planter

Forvirringa om artstalet har samanheng med at svæver formeirar seg både kjønna og ukjønna. Dei kan danne frø utan befrukting, og avkommet vert i så fall identiske kopiar av morplanten. Ulike grupper av slikt identisk avkom kan difor ha vorte rekna som artar.

Det greske ordet hierax tyder hauk eller falk, plantenamnet kjem truleg frå forma på blomsterblada. Det norske namnet svæve kjem frå svevn eller søvn - blomstrane lukkar seg når det blir mørkt.

Svæver veks på eng, i eller utanfor skogen, ofte på tørre bakkar.

Kjennelege artar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]