Symjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svømming)
Symjande isbjørn.
Brystsymjing.
Foto: Adrian Pingstone

Symjing er det å ta seg fram gjennom vatn med få eller ingen hjelpemiddel. Ei rekke dyr som lever i havet sym mesteparten av livet sitt. I tillegg sym ei rekke pattedyr og fuglar jamleg eller av og til. Mange pattedyr kan symje instinktivt, men menneske har berre eit svakt symjeinstinkt (sjå babysymjing), og må lære kunsta. Dei har likevel lett for det, og har eit større spekter av symjeteknikk enn dyr.

Ein kan symje for å kome seg ein stad, trene eller ganske enkelt for å more seg. Symjekunne gjer at ein lettare kan berga seg om ein fell i vatnet. I mange land, mellom anna heile Norden, er det derfor vanleg å undervise i symjing på skulen.

Trening i vatn, som har ein massetettleik som liknar den til menneskekroppen, gjer at ein får lita belastning på ledd og knoklar. Symjing kan dermed vere ein god måte å trene på etter skade eller for mange typar funksjonshemmingar.

Hjelpemiddel[endre | endre wikiteksten]

Jente med symjebrett.
«Badenymfer» i badeklede frå tidleg på 1900-talet.

For å symje treng ein eit stykke vatn, som ei elv, eit lite vatn, ein innsjø eller havet. Ein kan også lage til symjebasseng for å få eit trygt, regulert symjeområde.

Ein kan godt symje naken, men i moderne tid er det blitt vanleg å bruke badeklede. Desse er hovudsakleg meint å skjule delar av kroppen, men kan også brukast til varmeisolasjon, som ein våtdrakt. Moderne symjedrakter kan også hjelpe symjarar ved å minske friksjon og gjere kroppen deira meir straumlinjeforma.

For å flyte betre kan ein bruke hjelpemiddel som badevenger, symjebelte og symjebrett.

Symjing som idrett[endre | endre wikiteksten]

Frå verdsmeisterskapen i symjing i 2005.

Konkurransesymjing er ein idrett der utøvarar konkurrerer om å vere den raskaste over ein gitt distanse. Det er fleire ulike teknikkar som kan nyttast til å forflytte seg i vatnet, og konkurransesymjing er regulert gjennom eit internasjonalt regelverk som bestemmer korleis dette skal gå føre seg.

Banefordeling og basseng[endre | endre wikiteksten]

Talet deltakarar per heat varierer med kor mange banar bassenget har. Det mest vanlige er at seks til åtte deltakarar sym i kvart heat med eit minstekrav på tre dersom det er få som sym distansen og det er råd å oppnå. På sida der starten går er det startpallar som vert brukt for å få betre fart ved start med stup. Det er berre ryggsymjing som startar i vatnet og ikkje på startpallen. Dei fleste internasjonale basseng tar tida automatisk ved bruk av plater ein slår inn i når ein er ferdig med distansen. Stemne kan haldast i både 25 meters og 50 meters basseng. Distansar som 100 m medley vert berre sumde i 25 meters basseng.

Distansar og symjestiler[endre | endre wikiteksten]

Konkurransesymjing har hovudsakleg fire symjestilar. Dei er butterfly, ryggsymjing, brystsymjing og frisymjing (krål). Det er ein femte symjestil som består av alle dei fire symjestilane, kalla individuell medley. Det er fleire forskjellige distansar som kan symjast i konkurransar. Dei mest vanlege distansane er 50m, 100m og 200m, men også 400m, 800m og 1500m vert sumde i enkelte symjestilar. Nedanfor kan du sjå alle disiplinane kvar symjestil har

  • Butterfly - 50 m, 100 m, 200 m
  • Ryggsymjing - 50 m, 100 m, 200 m
  • Brystsymjing - 50 m, 100 m, 200 m
  • Fristil (krål) - 50 m, 100 m, 200 m, 400 m, 800 m, 1500 m
  • Individuell medley - 100 m, 200 m, 400 m
  • Lag stafett - 4x50 m medley/fristil, 4x100 m medley/fristil, 4x200 m fristil

Fristil har ikkje ein fast symjestil ein må bruka for å fullføre distansane, men det er ein disiplin som ein sjølv kan velje kva symjestil ein vil symje. Krålsymjing har berre som krav til å bli sumd innom individuell medley og medley lag stafett, men blir som oftast brukt til fristil distansar på grunn av at det er den raskaste symjestilen. For å bli blant dei beste i denne idretten krev det at ein legg av mange timar i veka til trening og har god disiplin og motivasjon.

Førebuing[endre | endre wikiteksten]

Før ein skal symje eit løp i ein konkurranse må ein førebu seg sjølv for det løpet ein skal gjere. Det startar ein med allereie nokre veker tidlegare med å «trappe opp» treningsmengda for å så «trappe ned» og finpusse teknikken den siste veka før stemne. Det er også vanleg å i tillegg barbere bort hår på kroppen for å minske motstanden i vatnet. I seg sjølv har ikkje dette ein veldig stor effekt, men det er den mentale tanken av at no kjem eg til å symje mykje raskare fordi eg ikkje har like mykje motstand lenger. For å få ein enda betre effekt av redusert motstand brukar mange gode symjarar ein form for symjeklede som gir meir motstand under trening for å ta den av for mykje mindre motstand på konkurranse. På konkurransedagen er det viktig å gjere ein god og grundig oppvarming og ettersom det kan hende at det går fleire timar mellom distansane ein symje er det viktig å halde seg varm heile tida og ha ei ekstra oppvarming ein halv time før ein skal symje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]