Svake verb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svake verb eller linne verb er ei gruppe verb som i germanske språk markerer tidskifte med ei bøygningsendring.

Svake verb i norsk[endre | endre wikiteksten]

Standardinndeling[endre | endre wikiteksten]

Svake verb vert i nynorsk inndelte i fire bøygningsklassar, ei med -ar i presens og -a i preteritum, ei anna med -er i presens og -te eller -de i preteritum, ei tredje med verb som endar på rotvokalen og ei fjerde utan ending i presens.

kl. infinitiv presens (notid) preteritum (fortid) perfektum partisipp
1. lyse lyser lyste lyst
2.a dømme dømmer dømde dømt
2.b [sideform]. brenne brenner brende [brente] brent
2.c interessere interesserer interesserte interessert
2.d gjere gjer gjorde gjort
3. tru trur trudde trutt el. trudd
4. telje tel talde talt

Problem med denne inndelinga[endre | endre wikiteksten]

Denne inndelinga er ikkje uproblematisk. Tre av dei fire klassene dannar nemleg ulike stammeklasser av same bøyingsklasse, K-klassa: Verb med infinitiv på trykksterk vokal har suffiks -dde (nå - nådde), dei med infinitiv på tonem 1 og -ere har -te (interessere - interesserte), mens dei verba som har stamme på trykksvak vokal er delt i to bøyingsklasser, K-verba (leve - levde, tenke - tenkte (suffikset er stemt eller ustemt etter om stammevokalen er stemt eller ikkje) og V-verba (kaste - kasta). Med eit skilje mellom stammeklasse og bøyingsklasse får norsk to bøyingsklasser: K-verb (med suffiks -dde, -de, -te fordelt etter stammeklasse), og V-verb (med suffiks -a).

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]