Svalbard radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svalbard radio (LGS) er ein norsk kystradiostasjon som ligg i Longyearbyen. Spitsbergen radio/LFG var den fyrste radiostasjonen i arktisk område da han blei starta 22. november 1911. Dette var før Svalbardtraktaten, og stasjonen blei lagt på norsk okkupert territorium i Green Harbour i Grønfjorden.

Etter Svalbard kom under norsk herredøme i 1925, blei namnet endra til Svalbard radio/LGS og etter kvart flytta til Skjeringa i Longyearbyen. Den lange vinteren utan båtkommunikasjon var hovudmotivet for å opprette trådlaus forbinding med fastlandet. Stasjonen var den fyrste i arktisk område og dekte det meste av Ishavet. Han blei eit knutepunkt for kommunikasjon frå dei arktiske områda til resten av verda. Gruvedrifta var ansvarleg for ni av ti telegram fyrste vinter. Snart blei Spitsbergen radio au til stor nytte for fangstflåten som kvar sesong var i havområda rundt Svalbard.

Bjørnøy radio/LJB blei starta i 1919. Frå 1996 er han fjernstyrt frå Bodø radio. Isfjord radio/LML blei sett i gang i 1933 på Kapp Linné og på Hopen blei Hopen radio/LMR grunnlagt like etter andre verdskrigen. Au i Ny-Ålesund var det ei tid kystradio: Ny-Ålesund radio/LJN. I tillegg hadde dei sovjetrussiske gruvebyane radiostasjonar: Barentsburg radio/UKS2, Pyramiden, Grumant og Coles Bay, med russiske kallesignal.

Svalbard radio blei flytt frå Skjeringa 1976 da nye Svalbard lufthamn blei bygd. Samtidig blei Isfjord radio fjernstyrt, au frå lufthamna. Sidan 1976 har difor kystradiotenesta blitt utført i kombinasjon med AFIS-tenesten ved Svalbard lufthamn (Longyear Information) av personell rekruttert frå både Luftfartsverket og Telenor.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]