Svalbardposten
| Svalbardposten | |
| Type | Vekeavis |
|---|---|
| Format | A4 |
| Redaktør(ar) | Ansvarleg redaktør: Birger Amundsen |
| Opplag | 2 679 |
| Nettstad | www.svalbardposten.no |
Svalbardposten er ei vekeavis som vart skipa i november 1948. Avisa kjem ut kvar fredag i Longyearbyen på Svalbard. Svalbardposten er den nordlegaste avisa i verda og har eit opplag som er høgare enn talet på husstandar på Svalbard.
Innhaldsliste |
Avisa i dag [endre]
Avisformatet er A4, som har sitt utspring frå då avisa vart trykt på Svalbard i eiga presse. Sidan 1996 er avisa trykt på fastlandet, men i same format som tidlegare. I dag trykkjer ein Svalbardposten i Tromsø. Avisa har fem tilsette, der tre jobbar i redaksjonen. Avisa har for det meste saker knytt til stadane Longyearbyen, Svea, Barentsburg og Ny-Ålesund. Svalbardposten har fått utmerkinga «Årets lokalavis» av Landslaget for Lokalaviser tre gonger, seinast i 2010.
Historie [endre]
Svalbardposten vart fødd som ei veggavis, med normalt fire sider som vart slått opp på brakkene med Velferdsrådet på Svalbard som utgjevar. Ho er vorten omtalt som «til tider artig», men med «ganske lite informasjon og seriøsitet» og svært lite lokalstoff. Avisa kom ut ein gong kvar veke mellom september og mai. Svalbardrådet vart skipa i 1971 og tok over som utgjever av avisa. Det førte med seg ei profesjonalisering av drifta. med meir og tyngre journalistikk, bilete og annonser. Utgjevingsdagen var annakvar laurdag. Redaktørstillinga tilsetjast på åremål med inntil fire års tenestetid.
Sidan 1986 har Svalbardposten kome ut kvar fredag heile året. Etter økonomiske vanskar mot slutten av 1980-åra vart det gjort fleire omorganiseringar for å berga drifta. Justisdepartementet vart i røynda ansvarleg utgjevar, ei rolle som vart endra i 1992 då Stiftelsen Svalbardposten vart skipa for å ha rolla som utgjevar. Justisdepartementet skaut likevel inn grunnkapitalen til stiftinga. I 1996 vart drifta omorganisert nok ein gong, denne gongen til aksjeselskap ved opprettinga av Svalbardposten AS. Dette vart gjort for at avisa kunne få pressestønad. Svalbardposten AS har skrive ut ein aksje på 500 000 kroner, som tilhøyrer Stiftelsen Svalbardposten. I 1997 lanserte Svalbardposten eiga nettutgåve. I september 2012 vart nettutgåva lagt om med betaling for nettnyhende.
Opplagstal [endre]
| År | Eksemplar |
|---|---|
| 1993 | 2 108 |
| 1994 | 2 248 |
| 1995 | 2 357 |
| 1996 | 2 425 |
| 1997 | 2 580 |
| 1998 | 2 556 |
| 1999 | 2 871 |
| 2000 | 2 932 |
| 2001 | 2 924 |
| 2002 | 3 109 |
| 2003 | 3 224 |
| 2004 | 3 271 |
| 2005 | 3 346 |
| 2006 | 3 352 |
| 2007 | 3 140 |
| 2008 | 3 095 |
| 2009 | 2 989 |
| 2010 | 2 841 |
| 2011 | 2 772 |
| 2012 | 2 679[1] |
Redaktørar [endre]
- Kjartan Olsen 1948–1949
- Thoralv Lund 1949–1950
- Alf Sørensen 1950–1951
- Arne Aulie 1951–1953
- Karl Nusser 1953–1954
- Øyvind Haddeland 1954–1955
- Hans Engebretsen 1955–1956
- C. E. Sollie 1956–1957
- Einar Nesje 1957–1958
- K. R. Nordbøe 1958–1959
- Odd Sverre Knutsen 1959–1960
- Alf E. Heggelund 1960–1961
- Hans Engebretsen 1961–1964
- Svein Jensen 1964–1966
- Odd Madsen 1966–1967
- Herleiv Alvheim 1967–1971
- Erik Gabrielsen 1971–1972
- Gudbrand Grøt 1972–1973
- Herleiv Alvheim 1973–1976
- Bjørn Hansen 1976–1977
- Otto Risanger 1977–1978
- Lilleba Knudsen (kst. 1978)
- Kristian Hus 1978–1979
- Kjetil Anthonsen 1979–1980
- Pål Skogmo 1980–1983
- Vibjørn Madsen 1983–1984
- Svein Haaland 1984–1986
- Mette Bleken 1986–1989
- Kjetil Anthonsen 1989–1991
- Tor Ole Ree 1991–1995
- Kjetil Anthonsen 1995–1997
- Nils Lorentsen 1997–1999
- Arne O. Holm 1999–2002
- Torbjørn Pedersen 2002–2004
- Birger Amundsen 2004–