Svalbardvalmue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svalbardvalmue


Svalbardvalmue
Svalbardvalmue

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Valmuefamilien Papaveraceae
Slekt: Papáver

Linné

Art: P. dahliánum
Vitskapleg namn
Papaver dahlianum

Svalbardvalmue ( Papaver dahlianum) er ein plante i valmuefamilien. Svalbardrådet har utropt han til fylkesblomster for Svalbard.

Det latinske artsnamnet dahlianum har planten fått etter den norske botanikaren Ove Dahl, som arbeidde i mange år i Finnmark.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Svalbardvalmuen er om lag 15 cm høg. Han har lodne blad som sit i ein rosett. Blomsterskaftet har mindre hår. Blomsteren er gul eller kvit, 2-4 cm i diameter, med fire kronblad. Frøkapselen er klubbeforma, breiast på toppen.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Svalbardvalmue veks på sand og grus, gjerne på rasmark og ved elvekantar. Han toler dårleg konkurranse frå tett vegetasjon. Han er vanleg på heile Svalbard, elles veks han på Varangerhalvøya og nordaust på Grønland.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Blomsteren er oftast kvit, men det er òg vanleg med gule blomstrar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svalbardvalmue