Svarabhaktivokal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svarabhaktivokal (frå sanskrit) eller innskotsvokal er ein innskoten, trykklett vokal som skal lette uttalen.

I normalisert norrønt og gamalnorsk vert svarabhaktivokalen ikkje skriven, men i moderne norsk vert han bruka framfor utlydande l, n og r; oftast som ein trykklett e, men i dialektane vert òg u eller o bruka. I somme ord vert svarhabhaktivokalen skriven, i andre ikkje.

I norsk er regelen no at svarabhaktivokalen alltid vert skriven framfor R: alder, døger, fager, vokster. På bokmål vert han òg skriven i sterke verb: finner, skyter.

Framfor L skriv vi svarabhaktivokalen i ord som hassel, sommel, tyngsel, men ikkje i fugl, hagl eller nagl.

Framfor N vert svarabhaktivokalen sjeldan skriven: alen, våpen men audn, botn, djupn, sokn, vatn.

I islandsk språk vert svarabhaktivokalen u nytta framom R i ord som fótur, hestur og maður.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]