Svarstadtjernet

Koordinatar: 60°1′12.03″N 11°21′49.87″E / 60.0200083°N 11.3638528°E / 60.0200083; 11.3638528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarstadtjernet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommunar Nes, Lillestrøm
Høgd over havet 244 moh.
Areal 0,01 km²
Koordinatar 60°1′12.03″N 11°21′49.87″E / 60.0200083°N 11.3638528°E / 60.0200083; 11.3638528
Kart
Svarstadtjernet
60°01′12″N 11°21′50″E / 60.02000889°N 11.36385389°E / 60.02000889; 11.36385389

Svarstadtjernet er eit lite vatn i Blaker, akkurat på kommunegrensa mellom kommunane Nes og Lillestrøm i Akershus fylke. Det ligg ikkje langt frå Auli, og vert nytta som badeplass om sommaren. Det er svaberg på begge langsidene av tjernet med oppbygd bålplass på den eine sida. Tjernet er eit populært turmål for busetjarane både på Auli, Rånåsfoss og Blaker. Det er sett ut aure i vatnet.

Svarstadtjernet munnar ut i ein bekk som renn mot Blaker via ei mindre kløft i skogen. Skogbotn her er kalkhaldig med vekst av blåveis enkelte stader.

Tjernet ligg relativt høgt i terrenget og frå eit utsiktspunkt i nærleiken i retning nordaust frå tjernet kan ein sjå til Tryvannstårnet i Oslo.