Svart arbeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svart arbeid er ei tenesteyting som vert betalt kontant eller med naturalia utan at mottakaren oppgjev inntekta for skattlegging eller som grunnlag for betaling av avgifter (moms).

I norsk økonomi vart omfanget av svart arbeid på skatteområdet i 2001 anslått til om lag 11 milliardar kroner, det tilsvarar eit par prosent av samla skatteinngang.

Undersøkingar gjort av Universitetet i Oslo viser at stadig færre nordmenn jobbar svart. Kvar tjuande nordmann arbeidde svart i 2003, mot kvar tiande i 1980. Endra haldningar til svart arbeid kan skyldast lågare skattesatsar, at færre har moglegheit for svart arbeid og at folks skattemoral er betre.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]