Svart dverg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Må ikkje forvekslast med svarte hòl, nøytronstjerner eller brune dvergar.

Svart dverg er eit teoretisk stadium i stjernutviklinga når ein kvit dverg har blitt så avkjøla at han ikkje lengre sender ut elektromagnetisk stråling og såleis opptrer som svart. Ein reknar med at tida det tek for at ein kvit dverg skal ha blitt nedkjøla nok er på meir enn 13,7 milliardar år, noko som er den antekne alderen på universet, slik at ingen svarte dvergar enno eksisterer.

Kvite dvergar blir etter kvart meir og meir avkjøla dess eldre dei blir, då dei ikkje generer noko varme sjølve, men sender ut energi laga av kjernefusjon då dei framleis var aktive stjerner. Denne avkjølingsprossesen tek svært lang tid; eit estimat går ut på at det vil ta 1015 år, dvs. éin billiard år, før ein kvit dverg har nådd ein temperatur på 5 K.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Table 10.2, The Anthropic Cosmological Principle, John D. Barrow og Frank J. Tipler, Oxford: Oxford University Press, 1986. ISBN 0-19-282147-4.
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.