Svart te

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
For den etterfermenterte te som i Kina kallast svart , sjå Svart te (Kina)
Svart te.

Svart te er ein kategori av oksiderande te. Det er den internationalt sett mest vanlegaste typen og er heilt dominerande på verldsmarknaden. I Kina, der svarte tear først vart framstilt, kallast desse teane etter drikkens farge "raude".

Framstilling [endre]

Etter plukkinga blir blada, som vanlegvis blir skjært eller krossa, oksidert. I den prosessen mistar blada den grøne fargen og dei svartnar. Deretter blir dei tørka, sortert og pakka. Svart te tapar ikkje smak ved lagring like fort som grön te noko som kan vere ei forklaring på den dominerande stillinga internasjonalt. Dei største produsentlanda er idag India og Sri Lanka.

Før dagens prosess med skjæring eller kryssing av blada vart oppfunne vart heile teblad oksidert i ein meir tidkrevande prosess. Desse teane blir framleis framstilt i Kina der dei går under nemninga "kung fu-tear" (som ikkje må blandast ihop med tillagingsmåten med same namn). Ein slik te er Lapsang souchong.

Tilreiding [endre]

Svart te blir selt som lauste eller mest vanleg i dag, som posete. Den blir tillaga gjennom at teen får trekke i særs heitt vatn. Til skilnad frå andre tesortar (grøn, oolong, osv.), som vanlegvis blir laga med heile blad, blir teblada som skal oksiderast til svart te skjært eller krossa. Det lettar oksidasjonsprosessen og gjer òg at svart te trekker fortare og meir fullstendig enn andre tesortar. Svart te blir derfor vanlegvis sterkare enn andre tear, men kan som regel òg berre trekkast ein einaste gong. Jo meir finkrossa blada er, desto kortare tid krevst for at teen skal trekke ferdig og teposar, som vanlegvis inneheld dei mest finkrossa blada, treng derfor kortare trekkingstid enn lauste. Svart te drikkast på ulike måtar i ulike land med sukker og/eller mjølk som dei mest vanlege tilsettinga.

Sjå òg [endre]