Svarta Björn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarta Björn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1878
Tjøtta
Død

19. september 1900 (22 år)

Yrke kjøkkensjef
Krossen på Tornehamns rallarkyrkogård som Svarta Björn etter legenden ligg gravlagt under.

Svarta Björn var truleg Anna Rebecka Hofstad frå Offersøy i Noreg (7. april 187812. oktober 1901). Ho døydde i Tornehamn i Sverige. Historier fortel om Svarta Björn, ei norsk kokke og hushalderske, som arbeidde ved bygginga av Ofotbanen mellom Kiruna og Narvik. Ho vert skildra som høg, mørk, vakker og intelligent.

Etterkvart er ho blitt nærast legendarisk. Ho var ei av få kvinner i rallarmiljøet og er lyfta opp av mennene rundt seg.

Ho levde eit hardt liv, og døydde berre 23 år gamal, vistnok etter eit slagsmål med ei anna kokke. Tuberkulose kan og ha spela inn på at ho ikkje overlevde. Ho ligg gravlagd på kyrkjegarden i Tornehamn, under ein kvit trekross med inskripsjonen Anna-Norge 12/10 -01