Svartbjørk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartbjørk

Betula nigra.jpg

Vitskapleg namn
Betula
Utbreiing
Område: aust i USA
Habitat: våt jord
Systematikk
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fagales
Familie: Betulaceae
Slekt: Betula

Svartbjørk (Betula nigra) er ei bjørk som er naturleg viltveksande aust i USA, frå New Hampshire vest til sørlege delar av Minnesota og sør til nordlege Florida og Aust-Texas. Ho er vanleg på flaumbankar og sumper.

Svartbjørka er eit løvfellande tre som blir 25 meter høgt, sjeldant 30 meter. Stammen har typisk diameter på opptil 50 cm (svært sjeldan opp i 150 cm), ofte med fleire stammar. Borken er svært variabel, vanlegvis mørk grå-brun til rosaaktig brun og skjella, men hjå enkelte individ glatt og kremete rosakvit, mens den lause neveren er som oppkrølla papirark. Bjørka har blanke, mørkegrøne blad som blir gule om hausten.

Midten av eit tre.
Svarbjørkblad og frukter.

Treet er brukt i landskapsarkitektur på grunn av den særmerkte borken og ettersom det toler å veksa både i våte og sumpaktige og høgaregliggjande område. Det er utvikla fleire kultivarar med mykje kvitare bork enn opphavsforma, som 'Heritage' og 'Dura Heat'. Dette er dei einaste lysfarga bjørketrea som er motstandsdyktige mot amerikansk bjørkepraktbille som finst i varme område i søraustlege USA.[1]

Urfolk i USA brukte den kokte sevja som eit søtingsmiddel lik lønnesirup. Innsida av borken blei brukt som hungermat. Bjørka er vanlegevis for vridd og kvistete til å ha verdi som tømmertre.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartbjørk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Harlow, W. M., & Harrar, E. S. (1969). Textbook Of Dendrology 5th ed., LOC# 68-17188