Svartbrynalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartbrynalbatross

Status i verda: EN Sterkt truga

SvartbrynalbatrossFoto: Flickr-brukar: longhorndave
Svartbrynalbatross
Foto: Flickr-brukar: longhorndave

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: T. melanophris
Vitskapleg namn
Thalassarche melanophris

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med sirkumpolar utbreiing på sørlege hav. Clementslista listar to underartar, underarten Thalassarche melanophris impavida i tillegg til nominatforma.[1] Andre reknar impavida som ein sjølvstendig art, engelsk namn 'Campbell Albatross' etter hekkeområdet Campbelløyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Egg av svartbrynalbatross

Svartbrynalbatrossen er ein mellomstor albatross, med ei kroppslengd på 80-95 cm, vengespenn på 200-240 cm og ei snittvekt på 2.9-4.7 kg.[2] Han kan ha ei levetid på over 70 år. Heile kroppen og hovudet er kvitt med eit svart triangelforma felt rundt auga, oversida av vengene er i grått til svart og halen er mørk grå. Undervengene er hovudsakleg kvite med breie, uregelmessige, svarte kantar. Han har guloransje nebb med ein mørkare, raudoransje tupp. Ungfuglane har mørke hornfarga nebb med mørk tupp, og grått hovud og krage. Dei har òg mørke undervenger.

Karakteristiske trekk som skil svartbrynalbatrossen frå andre Thalassarche-albatrossar er det mørke feltet over augo som gjev han namnet, og dei breie svarte kantane mot den kvite undersida av vengene, kvitt hovud og oransje nebb, mørkare mot tuppen. Dei liknar på gråhovudalbatrossane, men sistnemnde har heilt mørkt nebb og meir komplette, mørke markeringar på hovudet.

Utbreiing og vern[endre | endre wikiteksten]

Svartbrynalbatrossar lever sirkumpolart på sørlege hav. Den største hekkekolonien finn ein på Falklandsøyane, vidare finst store koloniar på Sør-Georgia og fleire chilenske øyar i Drakesundet. Dei hekkar dessutan på øyar ved New Zealand og i sørlege Indiahavet. Bestanden er estimert til totalt 1,2 millionar vaksne (2010) kjønnsmodne individ, og han er minkande.

IUCN klassifiserer denne arten som truga på grunn drastisk reduksjon i populasjonen. Til dømes hadde Bird Island ved Sør-Georgia årleg 4 % nedgang av hekkande par, og på øya Kerguelen 17 % i perioden 1979-1995. Den totale situasjonen gjev grunn for otte, med ein 67 % nedgang over 64 år på Falklandsøyane, Sør-Georgia og Kerguelen.

Auka linefiske på dei sørlege hava, spesielt rundt Patagonia og Sør-Georgia, er rekna som ei viktig årsak til nedgangen. Faktisk er svartbrynalbatross den fuglearten som er hardast ramma av fiskeria. Trålfiske, spesielt rundt Patagonia og i nærleiken av Sør-Afrika er òg ei viktig årsak.

I Nord-Atlanteren[endre | endre wikiteksten]

Eit eller fleire individ har vore observert i Nord-Atlanteren frå 1967,[3] og det finst fleire observasjonar av arten langs norskekysten,[4] til dømes to individ utanfor Myken i 2004.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  2. Arata, J.; Robertson, G.; Valencia, J.; Lawton, K (2003). «The Evangelistas Islets, Chile: a new breeding site for black-browed albatrosses». Polar Biology (26): 687–690. 
  3. BBC News, 2007 No romance for lovesick albatross Henta 26. mai 2012
  4. Norsk Ornitologisk Forening Publikasjoner fra NSKF Henta 26. mai 2012
  5. NOF, NSKF, 2004 Sjeldne fugler i Norge i 2004 Henta 26. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]